FEKK TILLIT: Sogndølen Johan Hove var ein av dei beste på bana då han debuterte for start i Eliteserien i fjor. I år har det blitt mindre tillit, sjølv på laget rykka ned til OBOS-ligaen.
FEKK TILLIT: Sogndølen Johan Hove var ein av dei beste på bana då han debuterte for start i Eliteserien i fjor. I år har det blitt mindre tillit, sjølv på laget rykka ned til OBOS-ligaen.

Stortalentet har ikkje fått tillit i heimbygda, kan forsvinna til eliteserien

Stortalentet skal trena med Strømsgodset denne veka. – Frykteleg dårlege nyheiter for Sogndal, seier supportarsjefen.

Sogndal: Johan Hove, eitt av dei største talenta bygda Sogndal har fostra fram dei siste åra, kan vera på veg vekk frå klubben. Fram til torsdag denne veka skal han trena med Strømsgodset.

– Har diverre ikkje noko kommentar, snakk med Sogndal Fotball om du ønskjer, skriv 17-åringen då me ber han om eit kjapt intervju tysdag kveld.

LANDSLAGSTJERNE: Johan Hove har vore sentral på aldersbestemte landslag frå G15 til G18. I 2017 var han ei viktig brikke då G17-landslaget kvalifiserte seg til EM for første gong. Foto: Arkiv/Thomas Brekke Sæteren.

Les òg: Johan Hove (16) fekk debuten frå start

Flo: – Har spanande ferdigheiter

Jostein Flo, sportssjef i Strømsgodset, verkar nøgd med å ha fått sogndølen på treningsfeltet. Han er sjølv gamal Sogndal-spelar, og skåra 28 mål på 46 kampar for klubben frå 1991 til 1993.

– Johan er ein spelar me har følgt over tid. Han har vore fast på aldersbestemte landslag i fleire år og har ferdigheiter som me meiner er spanande og som passar godt inn i vår spelestil. Johan trenar med oss no for at me skal bli litt bedre kjent med kvarandre og for å sjå nærare på kvalitetane hans, seier sportssjef Jostein Flo til klubbens eigne nettsider.

Me har enno ikkje lukkast å få kommentar frå Sogndal-trenar Eirik Bakke, eller sportsleg leiar Håvard Flo.

Vidar Vadseth, sjef i supportarklubben Saftkokaradn, liker ikkje det han høyrer.

– No veit eg ikkje om det er snakk om ein overgang, men i så fall vil det vera frykteleg dårlege nyheiter for Sogndal, seier han.

Har fått lite tillit denne sesongen

Hove er født og oppvaksen i Sogndal, og har gått gradene i klubben. Han debuterte for Sogndal i Eliteserien som 15-åring i 2016. Året etter var han ein av dei beste på bana då han debuterte frå start mot Odd. Han fekk fem kampar frå start den sesongen, og seks som innbyttar.

Etter nedrykket i fjor hadde dei fleste rekna med at Hove skulle bli satsa på på midtbana. I staden har han i år hamna i skuggen av Eirik Birkelund, Eirik Schulze og Sixten Jensen. Berre to kampar har det blitt frå start i OBOS-ligaen denne sesongen.

Det slit supportersjefen med å forstå.

 – Eg trudde me skulle vera eit meir spelande lag. Før sesongen vart òg Bakke sitert på at Johan skulle satsast på, om eg ikkje hugsar feil. Det har ikkje skjedd, og då har eg full forståing for at han har lyst til å prøva seg ein annan plass. Han må tenkja på seg sjølv og sin eigen utvikling. Men eg liker det ikkje, seier Vadseth.

Til toppen