Ungarn: G17-landslaget til Norge kjempar denne veka mot Russland, Israel og Ungarn om ein plass i EM-sluttspelet til våren.
Sogndalspelar Johan Hove (16) spelte i dag heile kampen då Norge berre greidde 2-2 mot Russland etter å ha leia med to mål kvarteret før slutt.
Den talentfulle midtbanespelaren gav Norge leiinga rett før pause med eit frekt frispark frå skrått hald. Alle venta innlegg, men Hove dunka like godt ballen i mål, via både stanga og hanskane til keeperen. Sjå målet nedst i saka!
I andreomgang auka Norge leiinga atten minutt før slutt, men russarane berga det eine poenget med ei kjapp redusering rett etter og ei til minuttet på overtid.
Dei åtte gruppevinnarane og dei sju beste toarane får plass i G17-EM som blir arrangert i Kroatia frå 3. til 19. mai i år.
Dei neste to kampane til Norge blir spelt slik:
23. mars: Israel – Norge kl. 14:30, Dabas Varosi Stadium
26. mars: Ungarn – Norge kl. 13:00, Globall Football Park
Kampane blir streama på denne sida i samarbeid med UEFA og vertslandet Ungarn.
Sjå opningsmålet til Johan Hove her: