UTTEKEN: 16 år gamle Johan Hove er utteken på G16-landslaget til Noreg. Her frå då han signerte sin første proff-kontrakt i august. Foto: Sogndal Fotball.
UTTEKEN: 16 år gamle Johan Hove er utteken på G16-landslaget til Noreg. Her frå då han signerte sin første proff-kontrakt i august. Foto: Sogndal Fotball.

Johan Hove utteken på G16-landslaget

Sogndalspelaren utteken til Em-kvalifisering.

Sogndal: Johan Hove er med i G16-troppen til Erland Johnsen, melder Fotballforbundet på sine sider.

16-åringen er ein av 17 spelarar som er utteken i troppen som skal spele EM-kvalifisering i Litauen 21. til 29. september.

Her skal Noreg møte Tyrkia, Litauen og Ukraina. 

16 år gamle Hove signerte i august proff-kontrakt med Sogndal. Då han debuterte for førstelaget tilbake i mai, var han tidenes yngste til å gjere nettopp det.

– Jobbar du hardt nok, så er det mogleg å koma langt i ung alder, sa Eirik Bakke til Porten.no signaturen til han og Kristian Rutlin var i boks i august.

Til toppen