BILAR OG ØL: Johannes Einemo og sambuaren Elin Forthun Partenyi satsar på at Lærdal skal verte eit samlingspunkt for motorinteresserte.
BILAR OG ØL: Johannes Einemo og sambuaren Elin Forthun Partenyi satsar på at Lærdal skal verte eit samlingspunkt for motorinteresserte. (Foto: Josef Benoni Ness Tveit)

Johannes og Elin bles liv i ærverdig hotell, men framtida er framleis uviss

For berre eitt år sidan kjøpte Johannes Einemo og Elin Forthun Partenyi Kvammes hotell i Lærdal. No har dei allereie leigd ut alle romma.

Lærdal: – Får eg koma forbi?

Johannes Einemo smyg seg mellom gjestane sine på utestaden sin. Det har nett vore Veterancup i bygda, so puben er full – trass i at klokka berre er fem på ettermiddagen.

– Eit slikt oppmøte er ikkje uvanleg under cuphelga. Det som er nytt no er jo at fleire bur rett over puben, seier Einemo.

For sjølv om puben på Kvammes har vore i drift lenge, er det ei stund sidan det var gjestar som budde på huset. Det endra seg i januar, då Einemo og Partenyi bestemte seg for å rydda dei gamle romma. Med ny iver og nettside er dei klare for å blåsa liv i det nær 140 år gamle hotellet.

– Romma var jo eigentleg klare, dei måtte berre ha ein finpuss og ein vask. Det som verkeleg var arbeidsomt var å pusse opp bada, seier Einemo.

Les også: Kjøper Kvammes – og bles liv i hotelldrifta

UFORMELL TONE: Einemo pratar lett og ledig med gjestane sine – heile tida med eit smil om munnen. Foto: Josef Benoni Ness Tveit

Satsar på motorentusiastar

– Det er jo spanande å gå inn i eit slikt prosjekt, seier Einemo.

Veggane på puben er dekorerte med bilete av både gamle amerikanske muskelbilar og moderne, stilreine bilar frå Europa. For det er dei motorinteresserte Einemo vil ha på hotellet sitt. Sjølv driv han lakkeringsverkstad, og er lidenskapeleg oppteken av alt på fire hjul.

– Lærdal er ein naturleg stad å stoppe. Rundt oss har me naturopplevingar og me er eit naturleg knytepunkt mellom aust og vest, seier Einemo.

Hotellet er allereie booka av fleire bilklubbar utpå våren, so det verkar som Einemo får rett i kva kundar dei vil få.

Les også:  Har gjort butikk av gutedraumen

– Her er det berre å gje gass

No driv altso Einemo og Partenyi både matservering, café, pub og hotell. Alt i same bygget som dei bur i. Dei er ambisiøse, trass i at korkje av dei har erfaring med hotelldrift.

– Me må jo berre prøve. Me har byrja i det små og leiger berre ut fem rom no. Det er mindre enn ein femtedel av kapasiteten hotellet har å by på. Me startar med dette, og so får me sjå korleis det går, seier Einemo.

VØRDELEG HOTELL: Kvammes, som på 1800-talet heitte Lærdalsøren Hotell, er eit gamalt og historierikt bygg. Her har vore drive gjesteheim i lang tid. Dei nye eigarane vurderer å bringe tilbake det gamle namnet på bygget. Foto: Josef Benoni Ness Tveit

Viktig møteplass i bygda

Einemo driv, i tillegg til Kvammes, ein lakkeringsverkstad og jobbar offshore. Slikt vert det ein travel kvardag av. Då han i tillegg bur på Kvamnes, vert det av og til hektisk.

– Eg har i alle fall ikkje langt til jobben, seier Einemo med ein smil.

Men trass i at det er travelt, er han fast bestemt på at bygda treng ein møtestad som Kvamnes, og at dei held ope med jamne mellomrom.

– Elles har me jo ingenting å prate om på sundagen, seier Einemo og ler godt.

HEIMEKOSELEG: Einemo og Partenyi har sørga for at hotellet deira er heimekoseleg og hyggeleg. Einemo meiner at det er noko kundane vil setje pris på. Foto: Josef Benoni Ness Tveit

– Det vert spanande å sjå korleis dette går, spesielt sidan me vil halde ope om vinteren. Men til sumaren er eg sikker på at me vil trenge fleire hender på dekk, seier Einemo.

Stemninga og folkemengda på puben denne kvelden lova i alle fall godt, men korleis det går framover står att å sjå.

Til toppen