Årdal: Når Årdal gålag går ut på tur, plar dei ha med seg kjentfolk eller historikarar på turane, som fortel om kulturlandskapet der dei går.

Men då dei arrangerte stølskvelden sin i januar, gjekk dei ingen stad. I staden kom lærdølen Jon Einemo til dei, på Bakeriet i Øvre Årdal.

Einemo har vore lærar i Årdal i 18 år, og dei åra budde han i bygda. Han har opparbeidd seg store kunnskapar om stølane i Årdal.
Han tok dei frammøtte med på ei reise til stølane i Rausdalen, Utladalen, Fardalen og Moadalen/Tyadalen.
Det var stølsliv frå fire forskjellige dalføre han tok føre seg. I alt er det meir enn 30 gamle stølar i desse dalføra.
Midtveges i februar kjem oppfylgjar-arrangementet. Då skal Einemo snakka om stølane i Nundalen, Seimsdalen, Ofredalen, Vikadalen og Eldegard.
Det arrangementet vert halde på Klingenberg hotell på Årdalstangen.

Mange spennande historier knytte til stølane
Brorparten av dei lengre turane gålaget legg ut på kvart år, går til gamle, nedlagte stølar, og husmannsplassar.

Etter kvart som Jonny Asperheim frå sogelaget bladde om frå bilete til bilete, fortalde Einemo segner og historier frå livet på dei ulike stølane me såg, og han kom inn på namnegransking òg.
Ein gong fortalde han om korleis folket levde i eit fellesskap med overnaturlege skapnader oppe på stølane.
To av dei gamle merkedagane på primstaven vår, som me framleis har i bruk, er jonsok og olsok. Einemo fortalde om den no utgåtte merkedagen barsok, på byrjinga av hausten.
– Då skulle dei underjordiske flytta inn i sela og bu der om vinteren. Ein sette fram mat til dei og takka for opphaldet det året, før ein førte buskapen ned frå fjellet. Det måtte vera noko skapleg ein sette fram til dei, gjorde du ikkje det, skulle du ha takk!

Når stølsfolket sette ut maten, såg dei at han vart borte ganske raskt. So fekk dei underjordiske flytta inn i selet når bøndene fór heim til gards att.
I verste fall, om ein ikkje sette fram god nok mat, laut ein vera att i fjellet når vinteren kom.
Han fortalde om levt liv til fjells på fengslande vis
Einemo fortalde fleire soger knytte til dei ulike stølane. Somme av dei omhandla årdølene sine tette band til bjørnen før i tida.

Omkring år 1900 var Årdal eit av dei områda i landet med mest bjørn.
Einemo fortalde om ei bondekone som tykte at mannen hennar hadde vorte til bjørn. Det var ein gong det hadde kome ein framfus bjørn luskande til tuns, medan mannen hennar var borte i skogen.
Einemo synte òg til tankevekkjande døme på levt liv på stølane. I eit av sela i Lærdal var det ein gamal stein i skotet. Skotet er den delen av selet som folket ikkje søv i. I Lærdal ver det her kyrne som var på sommarbeite vart mjølka om det var uvêr ute. For at kua ikkje skulle uroa seg, fekk ho sleika litt på ein saltstein medan budeiene mjølka.

– Etter tre hundreår med mjølking i skothuset, so hadde steinen som saltsteinen stod plassert på, fått ei lita grop i seg.
Det var salthungrige kutunger som gjennom mange generasjonar hadde grave ut ei lita grop or steinen.
