NYNORSK: Skam vøre, om ein ny vestlandsregion skal halde seg med bokmål som administrasjonsspråk, meiner forfattaren Jon Fosse. FOTO: Andrea Øien Sæverud / NPK
NYNORSK: Skam vøre, om ein ny vestlandsregion skal halde seg med bokmål som administrasjonsspråk, meiner forfattaren Jon Fosse. FOTO: Andrea Øien Sæverud / NPK

Jon Fosse krev nynorsk i Vestlandsregionen

 – Vestlandet er utenkjeleg utan nynorsken, skriv forfattaren Jon Fosse i eit høyringssvar om den planlagde Vestlandsregionen.

Dei tre vestlandsfylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane har sendt den framforhandla intensjonsavtalen om samanslåing ut på høyring, og forfattaren Jon Fosse er blant dei som så langt har ytra seg om storfylket på Vestlandet.

«Vestlandet er utenkjeleg utan nynorsken, og nynorsken er utenkjeleg utan Vestlandet, så om ein del av Noreg, dei tre fylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane, skal bli til ein vestlandsregion, ja til Vestlandet, ja så seier det seg sjølv at nynorsk må vera administrasjonsmålet på Vestlandet og at skriv ifrå den norske staten til Vestlandet må vera på nynorsk», skriv Fosse.

«Om ikkje, ja så er det som om heile vestlendingen legg frå seg heile vestalandsidentieten sin og gjer seg til austlending. Skam vøre.»

Så langt er det Sogn og Fjordane fylkeskommune som har fått flest høyringssvar, 19 av dei frå privatpersonar. Dei aller fleste er heilt einige med Jon Fosse i at den nye regionen må ha nynorsk som administrasjonsspråk.

Tre av dei fire kommunane som så langt har sendt inn høyringssvar, Lund i Rogaland og Gloppen og Stryn i Sogn og Fjordane, går mot intensjonsavtalen og vil ha andre løysingar. Jølster kommune ber fylkestinget i Sogn og Fjordane om å gjennomføre folkerøysting om den nye Vestlandsregionen.

Dei opne høyringane held fram til 30. november i Hordaland, 23. november i Sogn og Fjordane og 25. november i Rogaland. (©NPK)

Til toppen