VIL IKKJE HA «ACER»: Arnstein Menes er Sp sin gruppeleiar for fellesnemnda for nye Sogndal kommune. Han vonar ordføren i Leikanger, Jon Håkon Odd, endrar meining og skriv under det landsomfemnande ordføraroppropet i Arbeidarpartiet mot ACER.
meiningar
VIL IKKJE HA «ACER»: Arnstein Menes er Sp sin gruppeleiar for fellesnemnda for nye Sogndal kommune. Han vonar ordføren i Leikanger, Jon Håkon Odd, endrar meining og skriv under det landsomfemnande ordføraroppropet i Arbeidarpartiet mot ACER.
meiningar

– Jon Håkon Odd på villspor

Senterpartipolitikar Arnstein Menes frå Balestrand oppmodar i dette innlegget ordføraren i Leikanger om å skriva under på Ap sitt ordførar-opprop mot ACER. 

Meiningar: Det er svært overraskande at Jon Håkon Odd som ordførar ikkje vil signere oppropet mot ACER. At Odd ikkje vil skrive under tyder på at han meiner det er greitt å gi suverenitet til EU. For meg er det heilt uaktuelt å la EU sin energiunion styre vitale deler av norsk energipolitikk. Norsk gass, vasskraft og energiressursar høyrer til det norske folk og skal styrast av norske myndigheiter. Noko anna er utenkjeleg for meg.

– Energiunionen skal styrast utifrå eit overnasjonalt regelverk 

Odd er meir uroa for energisamarbeidet med EU enn for at norske energiressursar står i fare for å bli styrt av EU.

Energiunionen til EU skal styrast utifrå eit overnasjonalt regelverk. Her skal ikkje norsk energi styrast etter nasjonale omsyn, men utifrå EU sitt mål om fri flyt og likast mogeleg straumpris i Europa. Konsekvensen vil kunne bli høgare straumrekningar for norske forbrukarar og tap av industriarbeidsplassar og verdiskaping i Noreg.

Jusprofessor lit ikkje på at regjeringa kan stilla garantiar overfor EU

Vi har ingen garanti om kva me i framtida kan ha styring på, og på lik linje med Jusprofessor Eivind Smith seier vi ikkje kan stole på regjeringa sine «garantiar» for suverenitetsoverføring til EU sitt energibyrå.

Ser med glede på fylkesleiaren i Ap sitt standpunkt

Her må vi vere svært tydelege, og det er med glede at eg registrerer at til dømes Hilmar Høl og mange andre i AP her er heilt på linje med oss i SP. Her må Jon Håkon Odd finne fram pennen og signere oppropet raskast mogeleg!
 
Arnstein Menes
Gruppeleiar Sp
Fellesnemnda nye Sogndal kommune
Mobil: 41672733
E-post: arnstein.menes@sfj.no

Til toppen