MIMRAR: Jon Navarsete mimrar tilbake til tidlegare oppgjer mot Mjøndalen.
MIMRAR: Jon Navarsete mimrar tilbake til tidlegare oppgjer mot Mjøndalen. (Ola Weel Skram)

MEININGAR

Jon Navarsete før kampen: – Gå på med kraft og kløkt!

«Då er dagen komen. Sogndal-Mjøndalen. Siste kampen i dette forunderlege fotballåret. Kanskje vinkar eliteserien der framme i 2021? Her er nokre tankar før svspark», skriv Jon Navarsete.

Siste hinder - Mjøndalen.
 
Me skriv 28. desember – ei tid på året der fotballen gjerne er i kvilemodus. Slik er det definitivt ikkje i år. Det er tid for romjulstur til Oslo og Intility Arena der Mjøndalen er motstandar. Gevinsten kan vera opprykk til eliteserien i 2021. Å møta bruntrøyene til kvalifisering betyr kort og godt eit realt cupdrama. «The winner takes it all» vil sikkert nokre hevda. Der og då kjennest det brutalt å tapa slike kampar. Sogndal har gjort det før. Men fotballhistorien i Sogndal er rik på nye oppturar.
 
Slik det har vore mange av sidan 1976. Kvalik i 1963, tap. Opprykk året etter. Kvalik 1975, tap. Opprykk året etter. Kvalik 1995, tap. Opprykk året etter. Kvalik 1985, tap. Opprykk to år etter. Kom igjen Sivert og heile gjengen. Gå på med kraft og kløkt. Stao Pao!
 
 
Skulle det bli framhald i Obos-ligaen, så er Sogndal alltid godt rigga for det og.
 

Så må spelarane fungera som LAG

Jon Navarsete
Realistisk er Mjøndalen favoritt. Eg vil antyda 60-40. Eit utgangspunkt som vil passa våre karar fint. Som mot Ranheim - det handlar om å få bruka energien og kampviljen rett. Det mentale spelar ei viktig rolle. Så må spelarane fungera som LAG. Då kan me slå Mjøndalen. Bruntrøyene er heller ikkje på heimebane.
 
Dessutan - eg er sikker på at Akor Jerome Adams si glede etter scoringa mot Ranheim verkar inn på heile laget vårt. Inspirasjon.
 
rpt Foto: Ola Weel Skram
Mot Mjøndalen på Nedre Eiker stadion har Sogndal opplevd fleire lystige oppgjer. Møtet med Saihou Sarr var alltid kjekt. Sjølv om han lurte oss fælt i 1978 og scora to før me var varme i trøya. Og då me hadde MIF i kne og skulle avgjera kampen mot slutten, rauk me på ei komisk mistyding av eit offsidetrekk og tap 2-3.
 
Godt den episoden ikkje finst på film!
 
Sarr var ein gentleman på fotballbana, med glimt i auga og det gode smilet på plass. Slik også før kampen i 2010 då han traff igjen Håvard Flo som Sarr trente då Håvard var ung strynespelar i 1990-91. Det vart 1-0 siger til Sogndal i MIF sitt 100-jubileumsår.
I 1984 var det dramatisk på Fosshaugane. Jermund Skartun laga 3-1 målet ni minuttar før slutt. Sogndal var med det resultatet klar for eliteserien. Frode Grodås og resten av sogndalforsvaret gløymer ikkje så lett dei siste minuttane. Per Terje Markussen og Co klarte nemleg kunststykket å utlikna. Dermed rauk også opprykksdraumen.
 
Magdalon Sætre var i mange år ein real midtbaneslitar, og med ein god pasningsfot, venstrao! Mot Mjøndalen i 1981 scora han med eit kanonskot frå kring 20 meter, med høgrefoten. Måtte jo bli siger då, for Lasse Opseth bidrog med to mål i 3-1 sigeren.
Ein ting er sikkert. Det blir jamt høg puls på Intility Arena og i dei tusen heimar ved TV-skjermen, måndag frå kl. 17. Alt kan skje - nøktern optimisme pregar fotballmiljøet vårt.
 

Eg vel å avslutta med denne som kler Sogndal svært godt:

Sogndal er bra! Stao Pao, kara! De er gode nok.

 

Til toppen