– Eg håpar å kome med bidrag som er interessant for lesarane, og sjølvsagt med nokre kritiske blikk til det som rører seg, seier Jon Navarsete.
Navarsete, som var ein av dei sentrale brikkene for cup-heltane som tok seg heilt til finalen i 1976, har kommentert Sogndal både for NRK, Dagbladet, og Sogn Avis.
Denne sesongen er det derimot lesarane til Porten som får gleda av å få med seg Navarsete sine tankar om det som skjer rundt fotballmiljøet i saftbygda.
Balanse mellom ros og ris
I ein årrekkje har Navarsete våre blant dei som følgjer Sogndal Fotball tettast. Fleire dagar i veka følgjer han med på treningane, han pratar med spelarar og trenarar, og er det noko som er verdt å melde så er sannsynligheiten stor for at Navarsete tidleg er på ball.
– Eg veit det meste som skjer rundt miljøet, til dømes no ved overgangsmarknaden. Det er godt stoff, trur eg, for dei fleste.

Sjølv om han kjenner mange i klubben godt, er Navarsete likevel klar på at balansen mellom ros og ris, er ein svært viktig del av arbeidet.
–Eg håpar å bidra med konstruktive innspel og setje fokus på ting som er viktig. Både dei gode sidene og kanskje ting som ikkje fungerer heilt. Det er viktig å kunne vere kritisk til klubben også, når det trengst.
Spennande satsing
Navarsete er henta inn som ein del av ein breiare satsing av fotballen i Sogndal. Sjølv meiner han det er på høg tid at Sogn Avis får ein konkurrent som kan gje eit alternativt bilete på det som rører seg i fotballmiljøet.
– Det som skjer i Porten no er ei svært spennande satsing, tykkjer eg. Sogn Avis har vore åleine i mange år, mein får no ein konkurrent. Ein vil få moglegheit til å sjå fotballen frå ei litt anna side, kanskje.
No gler Navarsete seg til sesongen kjem i gang. Han meiner stallen, slik den er no, er minst like god som den var for eit år sida, sjølv om fleire viktige spelarar har forsvunne ut.

– Eg er heilt sikker på at laget i år er like bra som i fjor. Dei tre nye som har komne vil styrke troppen betraktelig. Sivert Mannsverk si rolle blir avgjerande, men skulle han gå så har me erstatteren i Kristoffer Valsvik der også. Så eg er optimist.