NORGES STERKASTE: Dette er Norges sterkaste menn, Jonas Bathen til høgre (3. plass).
NORGES STERKASTE: Dette er Norges sterkaste menn, Jonas Bathen til høgre (3. plass). (Foto: Privat )

Jonas (22) frå Luster er Norges 3. sterkaste mann

Og Jørn Erik Bolstad, frå same bygd, tok ein solid 5. plass.

Luster/Troms: – Eg føler meg ikkje som det eigentleg, men eg tykkjer jo det er veldig stort, seier Jonas Bathen.

I helga deltok han og kompisen, Jørn Erik Bolstad, på konkurransen "Norges sterkaste mann" i Nordreisa kommune i Troms. Etter fleire tøffe øvingar, og mange timar med rå styrke kunne den unge lustringen kalla seg Norges tredje sterkaste mann. 

– Eg veit ikkje kva eg tenkte då det blei klart, men eg var veldig nøgd. Eg gjorde lite feil, og eg tapte til to karar som var sterkare enn meg. Då kan det ikkje gå betre for min del, seier Bathen.

Debuten blei til seier 

I salen sat det 300 folk og såg på, medan rundt 2000 fulgte med på konkurransen via strømming på Internett. Konkurransen var debuten til Bathen.

PÅ PALLEN: Nøgde menn etter ein beinhard konkurranse. Foto: Privat

– Eg er jo berre ein gutunge i forhold til dei som vann. Planen min i år var å stilla for å sjå korleis eg låg ann, så at eg fekk palleplassering gjorde jo til at det gjekk over all forventning. 

Han legg ikkje skjul på at det ligg mykje blod og svette bak ein sånn konkurranse.

– Det er beinhardt. Før denne konkurransen hadde me tre andre konkurransar som me måtte stilla på for å greia kvalifisera oss til finaren i "Norges sterkeste mann". Det har vore lite avslapping, mykje trening, mykje eting, og masse soving. Me har jobba på sidan juni. 

540 kilo på nakken 

I salen i Troms er det stor spenning etter kvart som deltakarane blir drilla gjennom ulike øvingar. Dei løftar stokkar, bilar, stein, og går med fleire hundre kilo på nakken. 

– Å bære den stanga på nakken var skikkeleg dritt. Me byrja på 380 kilo, og auka med 50 kilo for kvar runde. Etter kvart datt folk av fordi det blei så tungt. Eg greidde 540 kilo, det gjekk ganske greitt men det var dritt, seier Bathen.

Det er langt frå Luster til Troms. Vegen dit blei turbulent for lustringane, og på eit punkt såg det nesten mørkt ut for konkurransen.

– Det byrja med eit kansellert fly frå Haukåsen, og dermed måtte me sova i bilen om natta på Flesland. Det blei ein dårleg start på konkurransen, og ein lang tur til Troms, seier Bathen.

Bolstad fullførte steinserien på fyrste forsøk 

I tillegg til lang reiseveg sleit Jørn Erik Bolstad med sjukdom i vekene før konkurransen, samt på konkurransedagen. 

– Det blei ein turbulent start for Jørn, men han enda på 5. plass, eit halv poeng bak nummer fire, og det skal han vera nøgd med, seier Bathen om kompisen. 

STERKE: Jørn Erik Bolstad og Jonas Bathen. Foto: Privat

Trass sjukdom blei Bolstad den tredje mannen i Noreg som fullfører steinserien på fyrste forsøk.

– Det var heilt sinnsjukt rått, skryt Bathen. 

Steinserien går ut på at du løftar fem steinar opp på ulike høgder. Den fyrste steinen er 130 kilo og skal opp på 170 cm. Den siste steiner er 200 kilo og skal opp på 130 cm. 

– Det har aldri vore så tung steinserie før, og stein er den ultimate strongman-øvinga. At han fullførte denne som sjuk var ganske heftig. 

Ein populær sport i Luster 

Strongman og styrkeløft er populært i Luster. Fleire lustringar er byrja med sporten siste åra, og mange av dei held til i det gamle ungdomshuset på Høyheimsvik - også kalla bingohuset.

– Kvifor driv du med denne sporten? 

Eg spør meg sjølv om det same.

Bathen tek ein pause og ler. 

– For min del byrja det med at eg blei med dei som løfta tungt på trening. Eg har trent sidan eg var 15, men då eg såg på dei blei eg bitt av basillen. Det er ein tung sport, fysisk og psykisk, og ein kan ikkje driva med det med mindre ein tykkjer det er kjekt, seier Bathen. 

No skal han roe ned eit par veker, før han byrjar treninga mot neste år. 

– Eg skal stille til neste år òg, og då hadde det vore kjekt å klatra opp ein eller to plasseringar. Men no skal eg ta det med ro for det er viktig å kvila psykisk, og ikkje tenkja på konkurranse heile tida. 

Til toppen