KLAR FOR FRESN: Jonas Alaska kjem til Fresvik siste helga i juli.
KLAR FOR FRESN: Jonas Alaska kjem til Fresvik siste helga i juli. (Foto: www.jonasalaska.no)

Jonas Alaska tek turen til Fres Festival

Grunna personlege omstender blei Ralph Myerz and the Kosmik Diamondz nøydde til å avlyse årets opptreden på Fres Festival, men erstatningen er minst like god.

Fresvik: Fres Festival er blitt kåra til Vestlandet sin beste festival og ligg ikkje på latsida etter denne gjeve tittelen. 

– No klinkar me til og slepp landet sinn aller kvassaste "singer songwriter" og delstat, Jonas Alaska. 

Det skriv Per Christian Grov i ei pressemelding. 

I tillegg kjem den sagnomsuste Bergens-DJen DJ Dottir til festivalen.

Kansellering og erstatning

Etter at Ralph Myerz and the Kosmik Diamondz avlyse årets opptreden har bookingavdelinga i Fresvik den siste veka jobba intensivt med å finna eit fullverdig opplegg til erstatning.

Tidleg torsdag vart dette opplegget endeleg klart. Jonas Alaska vitjar Fres med konsert tidleg på kvelden, og DJ Dottir tek turen for å fylle bøen med danseglade fjes under fredagens klubbkveld.

– No er denne line-upen så latterleg bra at du ikkje kan gjera anna enn å kjøpa billett, skriv komiteen på Facebook-sida si. 

Programmet for årets festival

Dei som skal vitja den store festivalen i den vetle bygda i sommar er:

Cezinando, Dagny, Bob Hund, Real Ones, Great News, Electric Eye, A-Laget + NMG/G-Huset Allstars (Myra, Dårlig Vane, Jonas V, Mats Dawg), SIIBIR, Jonas Alaska, Death By Unga Bunga, Thea & The Wild, Darling West, Grand Island, Magnus Pym, Detroit Sound, Ungehelgesen, DJ Dottir og Teddy Touch.

Festivalen går av stabelen helga 26. - 28. juli og har berre auka i popularitet dei siste åra.

Til toppen