TIL ÅRDAL: Jonas Gahr Støre vitjar Årdal tysdag denne veka. Partileiaren i Arbeidarpartiet skal besøka karbonfabrikken på Årdalstangen, der tema blir sysselsetjing og lærlingar. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Jonas Gahr Støre kjem til Årdal

Arbeidarparti-leiar Jonas Gahr Støre besøker Årdal tysdag.

Det stadfestar fylkessekretær Monica Oppedal til Porten.no. Støre blir flydd inn med helikopter og landar i Meieriparken om lag 11.20.

Partileiaren skal besøke karbonfabrikken på Årdalstangen i løpet av den timen han er inst i Sognefjorden på besøk.

Der er tema lærlingar og sysselsetjing, og Sogn Opplæringskontor skal delta på besøket.

Til toppen