HENG ETTER: Landbruket i Noreg ligg langt bak andre grupper i inntektsutvikling, skriv Senterpartiet.
HENG ETTER: Landbruket i Noreg ligg langt bak andre grupper i inntektsutvikling, skriv Senterpartiet.

MEININGAR

Jordbruket må få høve til ekstra forhandlingar i 2020

– Tal frå budsjettnemnda syner at jordbruket ikkje har hatt inntektsvekst i det heile, og ​er tilbake på ​same nivå ​som i 2015, skriv Senterpartiet i Sogn og Fjordane i denne fråsegna.

Meiningar: Sogn og Fjordane Senterparti meiner at staten bør invitere til nye jordbruksforhandlingar til hausten.

Tal frå budsjettnemnda syner at jordbruket ikkje har hatt inntektsvekst i det heile, og ​er tilbake på ​same nivå ​som i 2015. ​Dette er i sterk kontrast til ​inntektsutviklinga i resten av samfunnet dei siste åra.  

Til liks med mange andre næringar er jordbruksnæringa inne i ein særs krevjande situasjon - ein situasjon jordbruket har vore i gjennom fleire år. Det er difor naudsynt at jordbruket får moglegheiter for å forhandle om inntektsmoglegheiter også i eit særs usikkert og ekstraordinært år som 2020. ​

Regjeringa og landbruks- og matministeren må ta ansvaret sitt for å sikre nasjonal beredskap og matforsyning. Med ein global pandemi der usikkerheita rår og nasjonane må sørgje for eigne innbyggarar, er det viktig å sørge for norsk matproduksjon. 

Til toppen