AUKE: Den gjennomsnittlege bruttoinntekta for gardbrukarar i 2015 var 642.000 kroner, der jordbruksinntekta utgjorde 30 prosent.​ Foto: Jan Christian Jerving.
AUKE: Den gjennomsnittlege bruttoinntekta for gardbrukarar i 2015 var 642.000 kroner, der jordbruksinntekta utgjorde 30 prosent.​ Foto: Jan Christian Jerving.

Jordbruksinntekta auka med 10 prosent

Den gjennomsnittlege bruttoinntekta for gardbrukarar i 2015 var 642.000 kroner, der jordbruksinntekta utgjorde 30 prosent.

Lærdal: Gardbrukarar hadde ei gjennomsnittleg næringsinntekt frå jordbruk på 192.000 kroner i 2015, som svarar til ein auke på 10 prosent frå året før, ifølgje Statistisk sentralbyrå.

Gode vekstforhold i store delar av landet var ein av grunnane til auken i jordbruksinntektene frå 2014 til 2015, og størst var auken for gardbrukarar med svin og fjørfe.

I 2015 hadde gardbrukarane ei samla gjeld på 78,7 milliardar kroner, som svarar til 2.0 millionar kroner per gardbrukar.

Dette er ein auke på 5 prosent per bonde frå året før. Jordbruksbedriftene varierer mykje i størrelse og produksjon, og omfattar alt frå hobbyprega produksjon til bedrifter med millionomsetning.

Det skal vere ei viktig årsak til variasjonen i næringsinntekter og gjeld. 

(©NPK)

Til toppen