NØGD: Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane bondelag, er nøgd med kravet Norges Bondelag og Norges Bonde- og Småbrukarlag har levert til staten. Foto: pressefoto.
NØGD: Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane bondelag, er nøgd med kravet Norges Bondelag og Norges Bonde- og Småbrukarlag har levert til staten. Foto: pressefoto.

Jordbruksoppgjeret: – Her er veldig mykje bra

Bondeorganisasjonane krev 860 millionar i årets landbruksoppgjer. Det tilsvarer ei auke i inntekta til bøndene med 20.800 kroner per årsverk. Spesielt er kravet retta mot å løfte inntektsgrunnlaget til dei små og mellomstore bøndene.

Det gler Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane bondelag.

– Her er veldig mykje bra som gjev innhald til målsetninga om å ha landbruk over heile landet. Skal vi ha landbruk over heile landet må politikarane ta dette kravet på alvor, seier han.

– Prinsipielt viktig

Ifølgje forslaget vil forbrukarane måtte finansiere rundt 200 millionar av oppgjeret i form av auka matvareprisar, medan resten blir teke over statsbudsjettet. 

Kravet vart overlevert til Landbruks- og matdepartementet klokka tolv i dag og presentert på ein pressekonferanse ein time seinare.

– Det går gjennom som ein raud tråd at budsjettmidlane er retta mot dei minste. Til dømes er det sett eit tak på kor stor du kan vere før du misser tilskot. Det gjeld alle produksjonar, som kornareal, frukt og bær, sau og kyr. Det er høge tak for våre område, men prinsipielt viktig, seier Felde.

I tillegg gler bondelagsleiaren seg over at utmarksbeite er prioritert, noko som kjem dei mange sauebøndene i fylket til gode.

– Alt i alt er kravet retta mot dei små strukturane og at ein skal nytte dei små bruka som ein ressurs, seier Felde.

Forventar tøffe forhandlingar

Om ei veke kjem staten med sitt tilbod. Dei siste åra har partane stått langt frå kvarandre og det har vore tøffe forhandlingar.

Sjølv om kravet i år er 90 millionar  lågare enn i fjor, forventar ikkje Felde at årets forhandlingar blir noko enklare. 

– Utfordrande blir det alltid. Det som gjev håp er at enkelte i regjeringa har sagt at strukturendringane har gått langt nok. No er det dei små og mellomstore sin tur. Eg håper verkeleg at politikarane tek dette kravet på alvor og tek innover seg dei utfordringane som landbruket står ovanfor, seier Felde.

 

Til toppen