JORDBRUKSOPPGJERET: Kravet frå bondeorganisasjonane i jordbruksoppgjeret i år utgjer 31.700 kroner per årsverk og har ei totalramme på 1,45 milliardar kroner. ​Foto: Jan Christian Jerving.
JORDBRUKSOPPGJERET: Kravet frå bondeorganisasjonane i jordbruksoppgjeret i år utgjer 31.700 kroner per årsverk og har ei totalramme på 1,45 milliardar kroner. ​Foto: Jan Christian Jerving.

Jordbruksoppgjeret: Så mykje krev bøndene

Kravet frå bondeorganisasjonane i jordbruksoppgjeret i år utgjer 31.700 kroner per årsverk og har ei totalramme på 1,45 milliardar kroner. 

Fylket: Onsdag overleverte leiar i Noregs Bondelag og jordbrukets forhandlingsleiar, Lars Petter Bartnes, næringas samla krav til årets jordbruksoppgjer til staten.

Kravet blei overlevert få timar etter at Stortinget vedtok ei ny jordbruksmelding som set retninga for ein ny jordbrukspolitikk. I kravet til jordbruket ligg det eit betydeleg løft for mangfalde av bruk over heile landet, seier Bartnes.

– Regjeringa har i fleire år prøvd å seie landbrukspolitikken i retning av færre og større bruk. Det skal løne seg å bruke alle norske jordbruksareal til matproduksjon. Det målet når me først ved å løfte særleg dei små og mellomstore bruka i årets oppgjer, seier Bartnes i ei pressemelding.

Må gjera landbruket attraktivt

Årets krav har ei økonomisk ramme på 1,45 milliardar kroner, der 1150 millionar skal finansierast av budsjettmidlar. Dette utgjer ei inntektsauke på 31.700 kroner per årsverk. 

– Skal me løfta landbruket framover, må det vera attraktivt for nye generasjonar bønder å satse på næringa. Jorda er grunnlaget i all matproduksjon, og me ser allereie ei utvikling der betydeleg areal går ut av drift i store område som på Vestlandet og i Nord-Noreg. Denne utviklinga må snuast, seier han vidare. 

Til toppen