Lærdal: – I kveld e d DDE.
– E d d?
– Nei, DDE.
Den vitsen kan musikkglade sogningar ta i sommar når eit av Noregs beste liveband DDE kjem til Jordeplerock i Lærdal.
Det er strengt tatt ikkje stadfesta nokon plass, men på Jordeplerock si Facebook-side har dei køyrt i gong ein konkurranse basert på kjende frasar i DDE-låtar. 367 personar har svart i skrivande stund. Ikkje éin har svart noko anna enn DDE.
Torgeir Skjerdal i Jordeplerock stadfestar mistankane.
– Dette er noko me har jobba hardt for og starta med lenge før jul. Då me var ferdig med fjorårets utgåve, satt me alle og tenkte «jøss, i år har det gått bra». Me må ha noko tilsvarande som Hellbillies. Då var me alle samstemte om DDE, seier han.

Stolte
Og DDE har det blitt. Skjerdal innrømmer at dei er ganske stolte over å ha landa ein så stor fisk og kunne annonsere den tidlig – det trass i at dette berre blir det fjerde året Jordeplerock eksisterer.
– Lærdal har utmerka seg for desse store artistane. Alle vil legga turen innom når dei reiser rundt på sommaren. Det er ikkje slik at me må tvinga dei eller lokka med for mykje. Lærdal og Sogn er attraktivt for band som Hellbillies og DDE, seier han vidare.
- Les også: Rekordgode tal for Jordeplerock
– At me klarte å få Hellbillies til det tredje året, er me veldig stolte over. No kjem DDE som er eit av Noregs største liveband og veldig anerkjende i Noreg, så å få dei hit viser at me gjer noko rett. Me får mykje ros både før og etter festivalen for bra opplegg med artistar og kommunikasjon. Det er me veldig glade for.
Set eit tak
I fjor slo Jordeplerock sine tidlegare rekordar. Då Hellbillies stod på scena, var det 1200 personar inne for å høyre på. Totalt var 1800 menneske innom. Til årets utgåve blir det eit tak, varslar Skjerdal.
– Det er ikkje fordi me skal vera eksklusive eller noko, men me vil tenka litt meir kvalitet frå no av. Me har gjort det tidlegare også, men det har vore litt vanskeleg i oppstartsfasen. No vil me legga oss på eit nivå med Hellbillies i fjor og tenka kvalitet rundt alt før me eventuelt aukar talet på billettar.
Les også: Vil ta jordeplerock til nye høgder
Han fortel at dei ikkje var heilt førebudde på den enorme mengden med folk som kom i fjor. Difor skal dei vera ekstra godt budde i år. Men det løner seg altså å vera tidleg ute med å sikra seg billett, noko det vil kome informasjon om neste veka, fortel Skjerdal.
Har fleire på lur
Når det gjeld fleire artistar, er det langt frå ferdige. Framleis har dei tre til på agendaen, men desse må spente musikkelskarar framleis vente litt til på.
– Me har ei rekke med hovudartistar klare, og så vil me satsa litt meir lokalt også, slik me plar. Det er eit puslespel som skal gå opp på mange måtar, også økonomisk.
– Men det blir ein bra miks med litt rock, country og pop, slik at me treff fleire målgrupper.