KJEM TIL LÆRDAL: Ausekarane er det siste trekkplasteret til sommarens festival i Lærdal.
KJEM TIL LÆRDAL: Ausekarane er det siste trekkplasteret til sommarens festival i Lærdal. (Foto: Ausekarane)

Jordeplerock har spikra ferdig opplegget for neste års festival

– Me gler oss.

Lærdal: Jordeplerock offentleggjorde i kveld at Ausekarane vert det sjette og siste bandet på plakaten til årets festival. Frå før er det kjent at Plumbo, Frida Hunshammer, Rotlaus, Olav Stedje og Julie Bergan kjem til Lærdalsøyri i sommar.

– Me gler oss til enda eit år med folkefest i verdas flottaste bygd og håpar mange sogningar vil komma og delta på festen, seier Torgeir Skjerdal i Jordeplerock i ei pressemelding.

Spår allsang og god stemning

Ausekarane blir leia av dei folkekjære artistane Tor Endresen og Bjørn Jensen. Slagerar som Ausedansen, Måsa, Fin i bikini og Farande fant har millionar av avspelingar på Spotify.

– Når Ausekarane tidlegare har vore i Sogn har dei hausta ros, laga bra show og kjempebra stemning. Dette både trur og håpar me at skal skje på Jordeplerock også, og me spår allsang og god stemning. Ausekarane binder programmet til Jordeplerock 2018 perfekt saman, og me er utruleg glade for at dei vil ta turen til Lærdal, seier Skjerdal.

Årets festival er den sjette i rekka. Fredag spelar Plumbo, Frida Hunshammer og Rotlaus, medan Olav Stedje, Julie Bergan og Ausekarane står på scena laurdag.

Billettslepp i april

Festivalcampen vil vera på Lærdal Ferie- og fritidspark. For dei som ønskjer å sova i si eiga seng blir det sett opp eigne jordeplebussar til Borlaug, Flåm, Øvre Årdal og Sogndal. Festivalen kan elles lokka med kortreist mat, der det meste er basert på jordepla festivalen har fått namnet frå.

Billettane blir slepte 11. april.

– Dei to siste åra har me opplevd å nå taket på deltakarar under festivalen, og har difor måtta slutta å selge billettar i døra. Difor anbefalar me sterkt at alle sikrar seg billett på nett, seier Skjerdal.

Til toppen