JORDEPLEROCK: Ausekarane stiller gjerne opp på bilete med fans.
JORDEPLEROCK: Ausekarane stiller gjerne opp på bilete med fans. (Foto: Jordeplerock)

Jordeplerock med ny rekord - Sjå stort bildegalleri

Arrangørane kan seia seg svært nøgde med årets Jordeplerock der dei slo alle tidlegare rekordar på antal besøkjande.

Lærdal: – Helga har vore heilt fantastisk, seier Torgeir Skjerdal, arrangør bak Jordeplerock. 

Med 1300 folk innom dørene fredag, og 1500 innom på laurdag landa dei på totalt 2800 besøkjande.  

– Folk lo, dansa og kosa seg heile helga. Me kunne ikkje vore meir nøgde, seier Skjerdal.

Magisk stemning

Fredag spela Plumpo, Frida Hunshammer og Rotlaus, og laurdag spela Ausekarane, Olav Stedje og Julie Bergan.

– Det var magisk stemning. Ausekarane sette standarden frå fyrste tone laurdag, Olav Stedje var ikkje dårlegare og kom med hit på hit til glede for publikum. Julie Bergan var ein spektakulær avslutning på det heile. 

Mykje liv frå Julie Bergan

Sistenemde laga eit voldsomt show med på lys, liv og mange kjende låter.

FESTIVALFOLK: Amalie Grindedal (til venstre) kosa seg på Jordeplerock saman med vener. Foto: Privat

– Ho stod ikkje i ro på scena eitt sekund og sette verkeleg prikken over ién, seier Skjerdal. 

Ei som hadde gleda seg til å sjå Bergan live på scena er Amalie Grindedal frå Feios. 

– Eg er på Jordeplerock for å ha det moro, men òg fordi det er bra artistar her og god stemning. Det er det beste med heile Jordeplerock. 

Politiet er nøgde med tryggleiken

Etter ein vellukka festival er det ikkje berre Skjerdal som er nøgd med utfallet. 

– Det har ikkje vore noko tull. Politiet òg er strålande nøgde over tryggleiken, og på slutten av dagen er faktisk det viktigast. Me er strålande nøgde med å ha levert ei trygg oppleving til dei besøkjande, seier Skjerdal. 

JORDEPLEROCK: Mange flinke damer står bak menyen som utelukkande består av jordeple med tilbehøyr. (Foto: Jordeplerock)
JORDEPLEROCK: Publikum kosa seg. (Foto: Jordeplerock)
JORDEPLEROCK: Ausekarane stiller gjerne opp på bilete med fans. (Foto: Jordeplerock)
JORDEPLEROCK: Denne karen har teke av seg skoa for å veive med dei. (Foto: Jordeplerock)
JORDEPLEROCK: Stemninga var høg blant publikum. (Foto: Jordeplerock)
JORDEPLEROCK: Mange stiller opp på dugnad og lagar til slik at festivalen skal gå mest mogleg knirkefritt. (Foto: Jordeplerock)
JORDEPLEROCK: Stemning. (Foto: Jordeplerock)
JORDEPLEROCK: Stemning. (Foto: Jordeplerock)
JORDEPLEROCK: Torgeir Skjerdal i nasjonaldrakta til Jordeplerock. (Foto: Jordeplerock)
JORDEPLEROCK: Rotlaus på scena fredagen. (Foto: Jordeplerock)
JORDEPLEROCK: Stor stemning og mykje allsang frå publikum. (Foto: Jordeplerock)
JORDEPLEROCK: Ausekarane på scena laurdagen. (Foto: Jordeplerock)
JORDEPLEROCK: Festivalstemning. (Foto: Jordeplerock)
JORDEPLEROCK: Julie Bergan. (Foto: Jordeplerock)
JORDEPLEROCK: Folk sang med av full hals til låtane. (Foto: Jordeplerock)
JORDEPLEROCK: Julie Bergan. (Foto: Jordeplerock)
JORDEPLEROCK: Blide festivaldeltakarar. (Foto: Jordeplerock)
JORDEPLEROCK: Ei som kosar seg på festival. (Foto: Jordeplerock)
JORDEPLEROCK: Julie Bergan på scena laurdagen, ho avslutta det heile. (Foto: Jordeplerock)
JORDEPLEROCK: Olav Stedje på scena laurdagen. (Foto: Jordeplerock)
JORDEPLEROCK: Gjengen bak det heile. (Foto: Jordeplerock)
JORDEPLEROCK: Torgeir Skjerdal i nasjonaldrakta til Jordeplerock. (Foto: Jordeplerock)
Til toppen