INTERNASJONAL ARTIST: Ruben frå Troms, og DDE er dei nest siste artistane til Jordeplerock.
INTERNASJONAL ARTIST: Ruben frå Troms, og DDE er dei nest siste artistane til Jordeplerock. (Foto: Privat )

Jordeplerock med nytt artistslepp: – Ruben og DDE er to eineståande artistar

Det nest siste artistsleppet til årets festival er klart, det skriv Jordeplerock i ei pressemelding.

Lærdal: Tidlegare denne veka gjekk festivalstyret ut og sa at dei framleis planlegg at Jordeplerock 2020 skal gjennomførast. No er det nest siste artistsleppet klart.

JORDEPLEROCK: Stemningsbilde frå Jordeplerock 2018. Foto: Jordeplerock/Arkiv

– Det er med stor glede me kan kunngjera to eineståande artistar: Ruben og DDE står på Jordeplerockscena denne sumaren, seier Helge Evensen Bjørkum, informasjonsansvarleg i Jordeplerock.

Internasjonal karakter

25 år gamle Ruben frå Troms har gått frå å gje ut prøvande popmusikk til å treffe eit enormt stort publikum på kort tid, både her heime og i utlandet.

Med langt over 100 strøymingar og nominasjon til Spelemannspris for «årets låt», har Ruben fått ein pangstart på artistkariera. Han har skrive all tekst og melodi sjølv, og er sjølv medprodusent på alle låtane.

– Å sjå korleis Ruben gjekk frå å være ein lokal artist til å bli eit internasjonalt namn på så kort tid er berre ekstremt imponerande, seier Evensen Bjørkum.

Returnerer til Jordeplerock

DDE opptredde på Jordeplerock i 2016, og sidan den gong har våre publikumarar etterspurt dei kvart einaste år. Bandet som har produsert slagerar som «E6», «Rompa mi» og «Vinsjan på kaia», og som kanskje har den mest trufaste fanskaren i landet, returnerer endeleg til Lærdal og Jordeplerock.

– Det er enormt stas å ynskje DDE velkomen tilbake. Gruppa som kanskje er Noregs beste liveband gjennom alle tider. 

Til toppen