STOR INTERESSE: Jordeplerock sel unna førehandsbillettar i rekordfart. Til no har dei selt dobbelt så mange billettar som fjoråret. Foto: Arkiv.
STOR INTERESSE: Jordeplerock sel unna førehandsbillettar i rekordfart. Til no har dei selt dobbelt så mange billettar som fjoråret. Foto: Arkiv.

Jordeplerock med rekordsal av billettar

– Interessa rundt årets festival har vore enorm, seier dagleg leiar.

Fredag kveld blir Lærdal fylt med musikk når Jordeplerock bles i gong. Interessa er stor rundt årets festival, og det blir rapportert om rekordsal av billettar. 

Til no er det seld dobbelt så mange billettar på førehans samanlikna med fjoråret. Då ligg alt til rette for ein folkefest.

– Interessa rundt årets festival har vore enorm. Dette har naturleg nok bakgrunn i det breie spekteret av artistar som er godt fordelt på nasjonale og lokale namn. På Jordeplerock kan kvar og ein finna noko for sin smak, seier dagleg leiar Helge Evensen Bjørkum i ei pressemelding.

Framleis aktuelle

Allereie fredag spelar det som kanskje er det største trekkplasteret av dei som står på programmet, nemleg Hellbillies.

LES OGSÅ: Unge sogneartistar klar for Jordeplerock

– Det er kjekt å sjå at eit band som har spelt i så mange år framleis er like aktuelle, seier Anna Gjesdal, som er artistansvarleg. 

Oppvarminga hans blir Eirik Sognnes, lærdølen som på måndag gav ut sin andre singel «Lun sommarvind». 

– Fantastisk å spela for heimbygda

– Hellbillies har eg høyrt på sidan eg var liten. Det er dei som står sterkt i familien. Både mamma og pappa har høyrt mykje på dei er glade i dei. Dei er førebilete og Noregs beste liveband. Og så har dei aldri gitt ut ei dårleg plate heller. 

LES OGSÅ: Lærdøl ute med ny singel

– Det blir heilt fantastisk å spela for dei i heimbygda Lærdal. Det blir høgdepunktet, og eg håpar på ei god oppleving, sa han til Porten.no då. 

Laurdag er det sogningen Ola Weel Skram som startar showet før Robin & Bugge tek over stafettpinnen og avsluttar festivalen. 

Til toppen