UROA: Liv Signe Navarsete peikar på at Stortinget har sagt nei til fusjonar mellom domstolar før det er laga ein nasjonal plan for korleis domstolstrukturen skal sjå ut i framtida. Foto: Arkiv. 
UROA: Liv Signe Navarsete peikar på at Stortinget har sagt nei til fusjonar mellom domstolar før det er laga ein nasjonal plan for korleis domstolstrukturen skal sjå ut i framtida. Foto: Arkiv. 

Jordskifteleiarar i vest protesterer mot samanslåing

Planane om å slå saman leiinga ved jordskifterettane i Bergen og Voss – og i Sogndal og Førde vekkjer sterke reaksjonar blant leiarane for jordskifterettane på Vestlandet.

  • Endret

– Me reagerer fordi oppretting av felles leiing vil føra til ei varig strukturendring av jordskifterettane, og fordi dette skjer der det tilfeldigvis blir ledig ei stilling – utan ein overordna plan, seier Hans Ruud, leiar for Indre Sogn jordskifterett, til NRK.

Han er ein av seks jordskifterettsleiarar på Vestlandet som har skrive protestbrev til Domstoladministrasjonen om samanslåingsplanane. Ruud meiner samanslåinga vil føra til ei sentralisering som mellom anna svekkjer lokalkunnskapen og aukar avstanden mellom domstolen og brukarane.

– Treng nasjonal plan

Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp) deler uroa til dei seks jordskifterettsleiarane.

– Slår ein fyrst saman leiingsfunksjonar, skjer det ei sakte og stille sentralisering også av resten av aktiviteten over tid, men det skjer på ein måte utan at politikarane har innsyn eller kontroll, seier Navarsete.

Ho peikar på at Stortinget har sagt nei til fusjonar mellom domstolar før det er laga ein nasjonal plan for korleis domstolstrukturen skal sjå ut i framtida.

Avviser kritikk

Domstoladministrasjonen på si side avviser kritikken om om sentralisering.

– Dette er ei mistyding. Domstoladministrasjonen har ingen planar om ei felles permanent endring for jordskifterettane på Vestlandet, slik det no ligg an, seier Erling Moe, avdelingsdirektør for kommunikasjon ved Domstoladministrasjonen.

Dei seks jordskifteleiarane festar derimot ikkje lit til denne forklaringa. Dei viser til at Domstoladministrasjonen i eit brev tidlegare har presisert at dei vil vurdera felles leiing i samband med tilsetjing når det blir ledig stilling.

Krev utsetjing

Torsdag 31. mars skal dei seks leiarane for jordskifterettsleiarane på Vestlandet møta direktøren for Domstoladministrasjonen direkte.

– Kravet er då at samanslåinga av domstolsleiinga i Hordaland og Sogn og Fjordane må leggjast på is til Stortinget har behandla ein nasjonal strukturplan, skriv NRK.

Det høyrer med til historia at Liv Signe Navarsete også har teke opp saka med jusistminsiter Anders Anundsen (Frp). Men han ønskjer ikkje å gje nokon kommentar før han har svart Navarsete skriftleg, fortel kanalen. 

Til toppen