FRAMLEIS IKKJE TAPT: Olafur Sveinsson og Jotun/Årdalstangen innkasserte to nye poeng i 4. divisjon då dei slo Aurland 26-16. Foto: Truls Grane Sylvarnes (Arkiv). 
FRAMLEIS IKKJE TAPT: Olafur Sveinsson og Jotun/Årdalstangen innkasserte to nye poeng i 4. divisjon då dei slo Aurland 26-16. Foto: Truls Grane Sylvarnes (Arkiv). 

Jotun/Årdalstangen har framleis ikkje tapt

Søndag slo dei jumbolaget Aurland og står no med tre strake sigrar i sesongstarten.

Aurland – Jotun 16-26

Aurland: Jotun/Årdalstangen hadde ingen problem med å slå naboar Aurland søndag. Då 60 minutt med handball var ferdigspelt, skilte det ti mål mellom laga. Trass storsiger, er ikkje trenar Olafur Sveinssin heilt nøgd.

– Me klarte aldri å setje inn toppgiret og køyre over dei. Me fekk ein haug med sjansar som me rota vekk i ankomst og kontra. Alt i alt ein grei prestasjon, men eg vil ikkje seia godkjent, seier han til Porten.no.

Etter ein litt varierande start frå dei grøne og raude tok det seg etter kvart opp. Trass litt svingingar i prestasjonane, heldt dei bra stand bakover og scora nok mål til at sigeren i realiteten aldri var truga. 

– Manglar rutine og samansetning

Islendingen meiner dei burde gjort det betre med tanke på motstandaren, men trur det berre vil koma seg med tida.

– Me slit litt med samansetninga og rutine i både forsvar og angrep. Det er heilt naturleg og vil koma seg, seier han.

– Det har litt med treningskvardagen. Me er litt for spreidde med tanke på skiftordningar og folk som har ungar. Det betyr at me litt for sjeldan trenar med heile gruppa på plass, noko som gjer det litt vanskeleg å få den framgangen ein ønskjer.

Men, som han seier, Jotun/Årdalstangen har framleis til gode å tape, så det er jo bra. Etter dagens siger klatrar dei opp på ein 3. plass bak Eid som har like mange poeng (6), medan Sogndal toppar med éin kamp meir spelt og 8 poeng.

No ventar Bjørn på heimebane neste helg i den lokale 4. divisjonen. 

Til toppen