SIGER: Jotun/Årdalstangen sigra mot Sognal 2 på heimebane søndag. Foto: Kaja Nygård 
SIGER: Jotun/Årdalstangen sigra mot Sognal 2 på heimebane søndag. Foto: Kaja Nygård 

Jotun/Årdalstangen sigra etter ei lang tapsrekkje 

- I dag hadde me ei positiv oppleving, seier trenar Olafur Sveinsson. 

Jotun/Årdalstangen – Sogndal 2: 19-18

Til pause stod det 8-8 på tavla, og laga stod med dette uavgjort etter første omgang. Jotun/Årdalstangen og Sogndal 2 låg tett heile vegen, men det var til slutt heimelaget som sigra.

Jotun/Årdalstangen sigra med eitt mål, og dermed sigra dei endeleg etter ei rekkje med tap.

- I dag hadde me ei positiv oppleving. Det var ein bra gjennomført kamp av jentene, fortel trenar Olafur Sveinsson.

Han legg til at det var litt for mykje rot og for få scoringar, men at alt i alt var det ein godt gjennomført kamp.

Sveinsson fortel at forsvaret og keeperspelet var det som fungerte best i denne kampen.

- Forsvaret vårt var bra, spesielt på slutten av kampen. I tillegg hadde me eit bra keeperspel. Ann Iren Hunderi stod veldig bra i målet, og eg vil seie at hennar keeperspel var med på å avgjera at me sigra i dag. 

Bestemannsprisen til Jotun/Årdalstangen gjekk til keeper Ann Iren Hunderi, medan Miriam Lyngset Christiansen fekk bestemannsprisen til Sogndal 2. 

Til toppen