SIGER: Jotun/Årdalstangen sigra på heimebane søndag. Foto: Kaja Nygård
SIGER: Jotun/Årdalstangen sigra på heimebane søndag. Foto: Kaja Nygård

Jotun/Årdalstangen tok sin fjerde siger

Jotun/Årdalstangen spela heimekamp mot Bjørn søndag. Heimelaget tok raskt leiinga og sigra over Bjørn. 

Årdal: Jotun/Årdalstangen spela mot Bjørn i Årdalshallen søndag. Jotun/Årdalstangen tok raskt leiinga og heldt Bjørn bak seg til dei 60 minutta var spela. 

Jotun/Årdalstangen - Bjørn: 28-21

Begge laga kjempa, og etter berre 40 sekund kom første straffen til Jotun/Årdalstangen. Denne straffen blei bom. To minutt seinare blei det straffe til Bjørn. Like etter scora Andrea Luggenes for heimelaget , og etter tre minutt var stillinga 1-1. 

Jotun/ Årdalstangen fekk ein til straffe i første omgang. Denne var det Vanja Thomassen Øren som tok. Etter denne straffen var stillinga 3-2 til heimelaget. 

Då kampen hadde vara i 10 minutt, stod det 8-3 til Jotun/Årdalstangen. I første omgang fekk heimelaget to straffar og to gule kort. Laga gjekk til pause med stillinga 16 - 9, der Jotun/Årdalstangen var i leiinga. 

Artikkelen held fram under bilete

KAMP: Jotun/Årdalstangen gjekk opp i leiinga raskt, då dei spela mot Bjørn.
KAMP: Jotun/Årdalstangen gjekk opp i leiinga raskt, då dei spela mot Bjørn.

Andre omgang

I andre omgang fekk bortelaget Bjørn heile seks straffar, der dei traff på fem av dei. Jotun/Årdalstangen fekk ein straffe, men dei hadde også to i første omgang. 

Bestemannsprisen til Jotun/Årdalstangen gjekk til Andrea Luggenes, som scora 8 mål i denne kampen. Kaia Øvregard Røhme fekk bestemannsprisen til Bjørn. 

Kampen enda 28 - 21, og med dette tok Jotun/Årdalstangen sin fjerde siger. 

 

Til toppen