TOMÅLSCORAR: Kaptein Susanne Myrland scora to mål då Jotun/ÅTIL slo Balestrand 6-3 og avslutta sesongen med siger. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
TOMÅLSCORAR: Kaptein Susanne Myrland scora to mål då Jotun/ÅTIL slo Balestrand 6-3 og avslutta sesongen med siger. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Jotun/ÅTIL avslutta med siger mot Balestrand

Jotun/ÅTIL avslutta sesongen med siger mot Balestrand på Jotun krøllgras onsdag kveld.

Jenny Hovland, Sigrid Rio og kaptein Susanne Myrland stod for kvar sine to scoringar då Jotun/ÅTIL avslutta sesongen med 6-3 siger mot Balestrand.

Dermed fekk laget som kom på sisteplass i fjor, ei positiv opptur med ein andreplass denne sesongen. Berre Sogndal 2 har vore betre.

– Me er veldig nøgde for me kom på sisteplass i fjor, riktignok i 11-ar, som er eit litt høgare nivå, seier Sigrid Rio til Porten.no etter kampen.

– Eg synes det har gått veldig bra. Me har spelt bra i alle kampane egentleg. Me har holdt ballen på bakken og ikkje spelt slik med gjorde i fjor, legg ho til.

Full kontroll

Og det var nettopp godt spel og god ballkontroll som gjorde Jotun/ÅTIL til det beste laget onsdag kveld. Etter ei litt hektisk opning fekk Jotun raskt kontroll på kampen då Jenny Hovland satte inn 1-0 etter tolv minuttar. 

Eit tydeleg rysta Balestrand-lag rakk knapt å tenkja seg om før ballen låg i nettet bak keeper igjen. Omtrent rett frå avspark storma heimelaget i angrep og dobla leiinga ved Susanne Myrland. 

No vakna òg gjestane, som berre to minuttar etter dette igjen reduserte til 1-2. Vertane kunne likevel ta med seg ei tomålsleiing til pause takka vera ei scoring frå Rio. 

Nøgd med sesongen

Etter kvilen fekk dei oppmøtte sjå eit liknande kampforlaup som i dei første 45 minuttane. Jotun/ÅTIL auka til 4-1 før Katrin Weum reduserte. Rio fulgte opp med 5-2 før samme dama satte inn Balestrands tredje.

Det hadde ingenting å seia for utfallet av kampen for med sju minuttar igjen på klokka satte kaptein Myrland inn kveldens siste og fastsette sluttresultatet til 6-3.

– Eg synes me spelte ein god kamp. Me klarte å spela ballen slik me har lært denne sesongen. Me hadde ein sesong i fjor der me alltid drylte ballen, medan no har me øvd mykje på å halda ballen langs bakken, seier Myrland til Porten.no.

Det er noko trenar Morten Skarsbø kan skriva under på.

– Me har hatt mykje firkanttrening. I byrjinga lurte eg litt på kva me dreiv på med, men dei henta seg veldig fort inn, seier han.

Viktig tilbod

Hovudtrenaren understreker at det er utruleg viktig at desse jentene og damene har dette tilbodet.

– For det første for dei som er damer og vil spela fotball. For det andre er det viktig at dei som er i aldersbestemt fotball veit at dei har eit lag å gå til. Eg har sjølv vore trenar på eit jentelag og visst at dette er sannsynligvis det siste eg gjer. 

– Storleiken er ikkje så viktig så lenge det er eit tilbod. Det er grunnen til at me òg må vera litt audmjuke når det gjeld resultat. Eg føler det at dersom me har det gøy og ikkje er redde for å gjera feil, er sjansen større for at me inkluderer fleire. 

Plass til fleire

Det er eit syn både Rio og Myrland deler.

– Eg synes det er veldig viktig fordi det er mange jentespelarar som kjem opp og ikkje har hatt eit lag å spela på. Det er ganske greitt å ha eit lag som er tilgjengelig for alle som har lyst til å spela fotball, seier sistnevnte.

– Me fokuserer på å ha det kjekt, ikkje berre å vinna, men det er sjølvsagt viktig ikkje å tapa også. Me har ikkje trent superhardt for å vinna. Det er mykje viktigare at alle er med enn å vinna egentlig, legg Rio til.

Laget er utruleg ungt, og i kampen mot Balestrand var eldste kvinne på bana 18 år. Det er ingen tvil om at det er plass til fleire.

– Absolutt. Det er ikkje høg alder på dette laget. Me skulle hatt fleire eldre fordi desse er så unge at kanskje dei skal vekk på skule om nokre år. Me skulla hatt nokon eldre også, som me visste var her uansett. Det hjelper også på jentespelarane også å få litt eldre med, ikkje berre fotballmessig, meiner Skarsbø.

Til toppen