TAPTE IGJEN: Jotun/ÅTIL klarte ikkje å ta sesongens første poeng mot Årstad 2 heller. No ventar neste sjanse allereie torsdag når Dale gjestar Årdalshallen. Arkivfoto: Ingrid Nordbye-Antonsen.
TAPTE IGJEN: Jotun/ÅTIL klarte ikkje å ta sesongens første poeng mot Årstad 2 heller. No ventar neste sjanse allereie torsdag når Dale gjestar Årdalshallen. Arkivfoto: Ingrid Nordbye-Antonsen.

Jotun/ÅTIL framleis utan poeng

Heller ikkje mot Årstad 2 ville det seg for handballdamene. 

Årstad 2 – Jotun/ÅTIL 36-15

Årdal: Jotun/ÅTIL reiser heim frå Bergen med to tap i sekken. Søndag gjekk dei raude og grøne på sesongens fjerde tap på like mange kampar.

Det betyr at dei forblir jumbo i 3. divisjon med 0 poeng. Også søndag vart forskjellen på laga stor. Til slutt stod det 36-15 til Årstad 2. 

Trenar Olafur Sveinsson fortalte til Porten.no laurdag at han forventa ein lik kamp som då dei tapte for Fyllingen 2, og slik vart det. 

Les også: Jotun/ÅTIL tapte, men kjensla er likevel god etter kampen

Laget frå Årdal er utan nokre av sine sentrale spelarar, som kaptein Linn Løvdahl, Guro Undi og Henriette Forthun. Allereie torsdag skal laget i aksjon att mot Dale i Årdalshallen. 

Det har ikkje lykkast Porten.no å nå Sveinsson søndag kveld. 

Til toppen