HEIMEKAMP: Jotun/ÅTIL møter Fyllingen 2 i Årdalshallen laurdagskveld. Arkivfoto
HEIMEKAMP: Jotun/ÅTIL møter Fyllingen 2 i Årdalshallen laurdagskveld. Arkivfoto

Jotun/ÅTIL klare til ny kamp 

Jotun/ÅTIL møter Fyllingen 2 på heimebane laurdagskveld. Her kan de sjå kampen direkte.

Årdal: Etter ein lang kampfri periode, er det duka for nok ein spanande heimekamp i Årdalshallen.

Laurdag møter Jotun/Åtil laget Fyllingen 2 til heimekamp. Fyllingen 2 ligg på andre plass på tabellen og har vunne 10 av 14 kampar.

Tabellen for kvinner 3.divisjon finn du her.

Då Jotun/Åtil møter laget Fyllingen 2 er det Reidun Myrland og Terje Sylvarnes som skal styre damelaget.

- Eg skal ikkje vere tilstades på kampen sjølv, men to andre flinke skal styre laget under kampen, seier Olafur Sveinsson.

Sveinsson fortel at det har vore ein lang pause frå førre kamp, men at dei har hatt gode treningar.

- Marita Hestetun som er ein av våre mest rutinerte spelar, skal ikkje vere med i denne kampen, men me skal sjølvsagt gjere vårt beste.

Sjølv om Jotun/ÅTIL til no berre har ein siger i sesongen, ser Sveinsson moglegheitane framover.

- Det er alltid moglegheit for siger uansett kven som er motstandaren. Når me spelar kampar tenker me på oss sjølve og kva me skal gjere på bana, ikkje kven me spelar mot.

Han legg til at dei skal bruke tida framover til å gjere seg klare for neste sesong.

- Me er inne i ein byggingsfase. Me vil gje dei unge meir speletid, om dei presterer godt. Me vil gjere dei yngre meir rutinerte slik at dei blir klare til å ta over laget.

Viss du ikkje kjem deg i hallen laurdag, kan du sjå handballkampen direkte her. Kampen byrjar 17.20 og kommentator er Kent Fimreite.

 

Til toppen