NYTT TAP: Trass store siffer mot Fyllingen 2 laurdag ettermiddag, fortel Olafur Sveinsson at laget sit att med ei god kjensle på grunn av ein sterk 2. omgang. Arkivfoto: Siren B. Svortevik.
NYTT TAP: Trass store siffer mot Fyllingen 2 laurdag ettermiddag, fortel Olafur Sveinsson at laget sit att med ei god kjensle på grunn av ein sterk 2. omgang. Arkivfoto: Siren B. Svortevik.

Jotun/ÅTIL tapte, men kjensla er god etter kampen

Sesongens første poeng let vente på seg for Jotun/ÅTIL i 3. divisjon, men laget heng ikkje med hovudet før ein ny kamp ventar søndag.

Fyllingen 2 – Jotun/ÅTIL 41-20

Det fortel trenar Olafur Sveinsson til Porten.no like etter kampslutt. Mot Fyllingen 2, som er ein av favorittane til å vinne avdelinga, blei det store siffer. Då 60 minuttar med handball var spelt, stod det 41-20 på måltavla i favør heimelaget.

Den store ulikskapen på laga kan ein nok takke ein svak 1. omgang frå dei raude og grøne for. Til pause var stillinga 21-7

– Me hang ikkje med i 1. omgang og kom oss aldri inn i kampen verken forsvarsmessig ellr angrepsmessig. Ann Iren Hunderi hade ein brukbar 1. omgang i mål, men elles hang me ikkje med, seier Sveinsson.

– I 2. omgang var me betrakteleg betre både framover og bakover. Med 13 scoringar kan ikkje klage. Forsvarsmessig var det ganske likt, men kampen sett under eitt er at me ser progresjon.

Slit med skadar

Islendingen forklarar at dei stilte noko redusert til denne kampen. Kaptein Linn Løvdahl, Guro Undi og Henriette Forthun var alle ute med skade. Desse ville normalt ha fått mykje speletid.

– Då manglar me litt rutine samanlikna med det me stile med i sist kamp, så det er eit steg tilbake på den fronten, men me sit att med mykje, og eg er veldig nøgd med måten jentene kjem tilbake på i 2. omgang.

Ny vanskelig kamp søndag

Det gjer at ingen heng med hovudet før møtet med Årstad 2 i morgon. Bergenslaget ligg nest sist på tabellen med berre Jotun/ÅTIL under seg.

– Den kampen blir nok lik den i dag. Me veit lite om kva ein skal forvente, og eg tenkjer nok at me har eit svakare lag, men eg trur me skal klare å halde oss ikkje meir enn fem mål bak Årstad 2. 

– Me skal iallfall satsa på at det går betre enn i dag, og så får me ta eit steg av gongen. I dag tapte me med 20 mål, så då må me prøve å redusere det med 10 mål.

Til toppen