KVALITETSKLUBB: Fotballgruppa i IL Jotun skal tysdag bli sertifisert til kvalitetsklubb nivå 1, som innber fleire kriterie for utvikling av klubben. Biletet er frå då gutar 13 år på Jotun gjekk til topps og henta heim pokalen på kretsmeisterskap på Sandane i mars. Arkivfoto: Kai Wigum.
KVALITETSKLUBB: Fotballgruppa i IL Jotun skal tysdag bli sertifisert til kvalitetsklubb nivå 1, som innber fleire kriterie for utvikling av klubben. Biletet er frå då gutar 13 år på Jotun gjekk til topps og henta heim pokalen på kretsmeisterskap på Sandane i mars. Arkivfoto: Kai Wigum.

Jotun blir ein kvalitetsklubb – ein milepåle for fotballen

Som siste etappe for å bli sertifisert til kvalitetsklubb nivå 1, kallar fotballgruppa i IL Jotun inn til stormøte tysdag. 

Årdal: Prosjektet med kvalitetsklubb starta i Noregs Fotball Forbund (NFF), der NFF kvalitetsklubb nivå 1 er det første av tre nivå. Målet er å stimulere til god klubbutvikling, då godt strukturerte klubbar trekker til seg frivillige og gir grunnlag for at sunn barne- og ungdomsidrett kan vekse fram. 

INVITERER: Henrik Rønningen, leiar i fotballgruppa i IL Jotun. Arkiv
INVITERER: Henrik Rønningen, leiar i fotballgruppa i IL Jotun. Arkiv

– Ein kvalitetskontroll av klubben

– Me har no på plass alt me treng for å bli sertifisert til ein kvalitetsklubb nivå 1 etter det siste stormøtet tysdag. Det handlar mellom anna om å ha klubben i førarsetet, leiarkompetanse i styretm orden i eigen organisasjon, tilbod til alle spelarar uansett ferdigheit og eit utviklingsperspektiv i klubben. Slik sett er sertifiseringa ein kvalitetskontroll av klubben, fortel Henrik Rønningen, leiar i fotballgruppa i IL Jotun. 

– Kva betyr dette for Jotun fotball?

– Arbeidet med å bli ein kvalitetsklubb nivå 1 er ein kontinuerlig prosess og me må heile tida jobbe med dei kriteria som inneber å vera ein kvalitetsklubb. Likevel er dette ein milepåle i arbeidet med fotballen i IL Jotun, fortel Rønningen. 

Han legg til at fotballgruppa i IL Jotun dermed blir den tredje klubben i Sogn og Fjordane med sertifisering som kvalitetsklubb.

Byr på motivasjon på vegen vidare

Stormøtet i kulturhuset i Øvre Årdal er ope for alle, der Rønningen vil innleie frå klokka 19, før Anders Veibust og Mona Standal frå Sogn og Fjordane fotballkrins vil fortelje om kva det inneber å vera ein kvalitetsklubb. Så vil Rasmus Moe, motivator og omdømeleiar i Sogndal fotball, ta over og halde eit foredrag om verdiar og omdøme. 

Du kan lesa meir om NFF kvalitetsklubb her. 

Til toppen