Jotun/Årdalstangen-Bergen Hk: 27-25 (22-22 full tid)
Det måtte ekstraomgangar til for å avgjera opprykkskampen mellom Jotun/Årdalstangen og Bergen Håndballklubb i Voss idrettshall i kveld.
Der tok årdalsdamene grepet og sikra sigeren med to mål margin.

– Det var ein tung, tøff og spanande kamp, der me trekte det lengste strået. Spelarane er lukkelege, gira og slitne, seier trenar Lena Høsøien etter nervedramaet.
Laget rykka to sesongar på rad i 2015 og 2016, medan fjoråret vart eit kvileskjêr. No vart det endeleg ein opptur att for dei grønkledde, som må bu seg på spel i tredjedivisjon til neste år.
– Sjølv om du rykker ned, betyr ikkje det at pila nødvendigvis har peikt feil veg for laget dei siste åra. Dei jentene som rykte ned var unge og urutinerte. Av og til tek det nokre år å rykka opp att, seier Høsøien, som sikra opprykket i debutsesongen som trenar.
Ho tykkjer framtida ser lovande ut, og har allereie ambisjonane klare for neste år.
– Det blir å halda plassen i tredjedivisjon, utvikla dei yngste enno meir, gje juling og ha det kjekt, seier ho.