STORSPELTE: Katalyn Zamoly leverte ein strålande kamp mot NHHI med sine ti scoringar. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
STORSPELTE: Katalyn Zamoly leverte ein strålande kamp mot NHHI med sine ti scoringar. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Jotun feia NHHI av bana i storsiger

Jotun-trenar Olafur Sveinsson sa før møtet med NHHI at det skulle bli siger, og siger vart det så absolutt laurdag.

Mot studentlaget, som hadde tidlegare Jotun-spelar Hanne Henjum Asperheim i mål, hadde Jotun-damene ingen problem og vann til slutt 41-19.

Trass storsigeren og to poeng, var ikkje Sveinsson heilt hundre prosent nøgd.

– Me gir dei eit par enkle scoringar som er heilt unødvendige, så sjølv om resultatet er pent å sjå på, gjer me eit par konsentrasjonsfeil som me må skjerpa oss på, seier han til Porten.no etter kampen.

På spørsmål kva som ville vore ein perfekt kamp i så måte, svarar han at opp mot 50 scora mål og fem-seks færre imot, ville vore perfekt.

– Jobben min å vera kritisk

– Men det er nesten umenneskeleg å setja eit slikt krav. Det er jobben min å vera kritisk og sjå på dei tinga som ein kan gjera betre, og så er det spelarane si oppgåve å ta tak i dette.

Det gjekk heile ti minuttar før gjestane fekk ballen i mål. Då hadde Jotun allereie scora ti. Slik uttarta også kampen seg, og det blei meir ein intern konkurranse blant Jotun-spelarane om kven som skulle scora flest.

Slik uttarta også kampen seg. Marianne Stedje Øren, Ramona Szabo og Katalyn Zamoly scora mål om kapp, og til pause hadde Jotun ei leiing på 25-9.

Dei unge fekk vist seg fram

Den enorme forskjellen på laga gjorde at Sveinsson også kunne gje dei yngre spelarane sjansen. Både Guro Undi og Ida Jevnaker fann vegen til nettmaskene.

– Dei klarar seg fint, men kor store sifra er spelar egentlig ikkje så stor rolle. Det handlar meir om at dei skal kjenna seg trygge i ulike kampsituasjonar. Etter kvart må dei også ta ansvar i større kampar, seier Sveinsson.

– I dag fekk dei vist seg fram, og eg håpar at dei melder seg på i andre tettare kampar.

Stedje Øren best med elleve mål

NHHI baud aldri på noko utfordring. Den interne målkonkurransen var det til slutt Marianne Stedje Øren som vann med elleve mål av dei totalt 41 scoringane til Jotun.

Det var knepent framføre Zamoly som enda med ti scoringar, medan Szabo stod for åtte av måla.

– For min del har det inga betydning kven som scorar måla. Det er berre sunn konkurranse. Eg synest det er bra viss spelarane konkurrer internt om å scora fleire mål. Det er slik det skal vera. 

– I lagidrett skal det vera litt egoisme så lenge det ikkje går på bekostning av resultatet. Det er slikt som gjer eit lag godt, seier Sveinsson.

No ventar fire bortekampar for Jotun. Dei kan følgja direkte her på Porten.no.

Til toppen