MÅ SJÅ PÅ: Marija Mudronja og Sladjana Perazic må sjå sine nye lagkameratar frå tribuna inntil vidare etter at dei fekk avslått søknaden om opphaldstillatelse. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
MÅ SJÅ PÅ: Marija Mudronja og Sladjana Perazic må sjå sine nye lagkameratar frå tribuna inntil vidare etter at dei fekk avslått søknaden om opphaldstillatelse. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Jotun fekk avslått søknad om opphaldstillatelse for to spelarar

Når Jotun tek imot Stord laurdag, er det utan dei to montenegrinarane som har fått avslått søknaden om oppholdstillatelse.

Det bekreftar sportsleg leiar for handballen i Jotun Torstein Kvam til Porten.no fredag.

– Me har fått avslått søknaden, så den må me sjå litt nærare på. Det er vanskeleg når dei kjem frå eit land utanfor EU. Me slit frykteleg med det, seier han.

Det var Sogn Avis som første fortalte om dei to spelarane frå Montenegro som ikkje fekk oppholdstillatelse i Noreg.

Utlendingsdirektoratets (UDI) reglar seier at spel i 2. divisjon ikkje kvalifiserer til arbeidsløyve.

Artikkelen held fram under biletet.

GIR IKKJE OPP: Sportsleg leiar i Jotun handball Torstein Kvam seier til Porten.no at dei kjem til å ta saka vidare.
GIR IKKJE OPP: Sportsleg leiar i Jotun handball Torstein Kvam seier til Porten.no at dei kjem til å ta saka vidare.

Dei to har i tillegg fått jobb som reinhaldarar, og UDI måtte difor vurdere om dette kvalifiserte som sesongbasert arbeid, men har altså konkludert med at det gjer det ikkje ved å avslå søknaden.

Tek saka vidare

Jotuns advokat Louis Anda oppmodar klubben til å ta saka vidare.

– Me skal i møte med han rett over helga. Han synes det er for gale at me har fått avslag på dette. Her ligg alt til rette, me har vore ærlege, og me har skaffa dei jobb i tillegg. Han meiner me skal køyre saka vidare, og det skal me, seier Kvam.

Han trur at Jotun ville hatt full pott etter dei tre første kampane dersom dei to hadde blitt klare. I stedet er fasiten tre poeng med éin seier, eitt tap og éin uavgjort.

Tett bakover

Laurdag 16.00, ikkje søndag som informasjonskanalen til Årdalsnett seier, gjestar Stord Årdalshallen.

– Me har ein ganske tynn stall, men me var gode sist. No er Marianne (Stedje Øren) kvitt skaden sin, og me håpar på ein bra kamp mot Stord laurdag.

– Me må ha eit tett forsvar bakover og køyra hardt på kontringane. Stord er ikkje dei raskaste til å komma seg heimatt, seier Kvam.

Dersom du ikkje har moglegheit til å ta turen til Årdalshallen, kan du høyra han direkte på Porten.no frå klokka 16.00 laurdag.

Til toppen