VART SKADA: Marianne Stedje Øren pådro seg ein kraftig kneskade under andre omgang av kampen mot Årstad. Foto: Eivind M. Øren
VART SKADA: Marianne Stedje Øren pådro seg ein kraftig kneskade under andre omgang av kampen mot Årstad. Foto: Eivind M. Øren

Jotun gjekk på ein smell mot Årstad: – Vert ein tøff sesong framover

Jotun sikta på seier i dag, noko dei trengte etter onsdagens 26-20 tap mot Stryn, men fekk ikkje vilja si heime mot Årstad i dag.

Sjølv om dei to laga var ganske jamne på bana gjekk det ikkje vegen for handballjentene i dag. ​Bortelaget scora kampens fyrste mål allereie etter 30 sekund, då Cecilia Kåland sette ballen bestemt forbi Henriette Forthun. ​Jotun svara fort berre 20 sekund seinare, og holdt ei stund følgje med bortelaget, men utover fyrste omgangen tok Årstad meir og meir overtaket. 

– Me var positive og håpte på ein betre kamp enn onsdagen, men det gjekk ikkje heilt vegen i dag, seier Karoline Furebotn til Porten.no

Etter 16 minutt tok Jotun sin fyrste timeout. Stilliga stod da 6-10 i Årstad sin favør, og dei haldt tempoet gåande. Mot slutten av fyrste omgang auka dei til ei 6-måls leiing som Jotun jobba hardt for å hente inn, men då fyrste omgang vart blåst av stod det 11-16 på tavla.

Turbulent andre omgang​

Då andre omgang starta tok Jotun over spelet i ein periode, med fleire mål for, mange sjangsar, og lite mål mot. Årstad greidde allikevel å halde på ledelsen, og det var aldri mindre enn 3 mål som skilde dei. 

FEKK SEG EIN SMELL: Heida Arsenault fekk seg ein trøkk i andre omgang, men haldt fram med kampen.
FEKK SEG EIN SMELL: Heida Arsenault fekk seg ein trøkk i andre omgang, men haldt fram med kampen.

Etter kvart tok tempoet seg opp enda eit hakk, og det vart nokre røffe taklingar på bana. Marianne Stedje Øren pådro seg eit gult kort i det 35., og Heida Arsenault fekks eg ein trøkk i det 37. minutt. 

– Det stod ikkje på innsatsen i dag, det skal vere sikkert. Jentene spelte det dei orka, men det holdt diverre ikkje i dag, seier sportsleg leiar Torstein Kvam til Porten.no.  

Måtte bærast av bana

23 minutt ut i andre omgang gjekk Marianne Stedje Øren i bakken etter ein kollisjon med ein motspelar, og kom seg ikkje opp att. Ho pådro seg ein kraftig kneskade under sammenstøytet, og måtte bærast ut på sidelinja av trenar og medspelarar. 

Marianne hadde fram til dette hatt ein bra kamp, med 4 mål og aktiv deltaking både offensivt og defensivt på bana. Skaden hennar er den andre  på to kampar, då Ramona Szabo måtte gå av bana med skade mot Stryn på onsdag, og ikkje kunne spele i dag.

Etterpå fekk Årstad igjenn overtaket, og auka leiinga frå tre til seks mål, og kampen endte 24-29 til bortelaget.

– Mykje feil

Torstein Kvam var nøgd med innsatsen til damane under kampen, men meiner at dei gjorde mykje feil offensivt under kampen, og er ikkje imponert over resultatet.

– Me gjorde mykje feil framover i dag, mykje meir enn me har gjort til no i sesongen trur eg, seier han til Porten.no.

– Dette er det andre tapet på rad som me eigentleg skulle ha vunne relativt lett, så det er vanskeleg å seie korleis resten av sesongen kjem til å gå.

Vert utfordrande

Både spelarar og lagleiarar er usikre på resten av sesongen etter dagens kamp. 

– Ramona og Marianne er to av dei viktigaste spelarane våre, så resten av sesongen vert tøff, seier Torstein. 

Spelarane vil allikevel gjeve alt dei klarar i kampane framover.

– Det kan verte vanskeleg no som me har mista Mona og Marianne, då dei var to av nøkkelspelarane våre, men me skal halde fram å gjere vårt beste, seier Karoline Furebotn til Porten.no.

 

Til toppen