TOPPSCORAR: Ramona Szabo er toppscorar i 2. divisjon etter tre mål mot Førde, men det er berre ein liten trøst etter det enorme tapet. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
TOPPSCORAR: Ramona Szabo er toppscorar i 2. divisjon etter tre mål mot Førde, men det er berre ein liten trøst etter det enorme tapet. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Jotun gjekk på kjempesmell mot Førde

Jotun sine handballdamer i 2.divisjon gjekk søndag på ein kjempesmell då dei spelte mot serieeinar Førde i Førdehuset.

Spenning var det diverre lite av i toppkampen,då Førde synte frå fyste minutt kvifor nettopp dei vart seriemeistrar førre sesong.

Då kampen var over, hadde Jotun berre scora 12 medan Førde stod med heile 33 scoringar.

Kampen opna jamt, og laga følgde kvarandre tett, men etter ti minuttar rykka Førde ifrå. Då kvarteret var spelt, var leiinga på tre scoringer, og sidan såg vertane seg aldri tilbake.

I laupet av fem minuttar dobla Førde denne leiinga i ein periode då Jotun ikkje klarte å sette ballen i mål. Førde styrte utan tvil siste del av fyste omgang, og Jotun låg under 14-5 til pause.

Førre gong laga møtte kvarandre enda kampen 24-20 i favør av Førde. Førde stakk ikkje berre av med sigeren etter den kampen, men òg tittelen som seriemeistrar i 2. divisjon.

Auka leiinga

Og vertane var hakket betre denne gongen. Berre nokre sekundar ut i andre omgang scora heimelaget det fyste målet for omgangen, og timålsleiinga var eit faktum.

Slurvete spel frå Jotun si side med pasningsfeil og lågt tempo gjorde det lett for Førde, som hadde full kontroll frå start til slutt. Etter ti spelte minuttar hadde heimelaget ei leiing på 15 mål, og berre fem minuttar seinare var stillinga 26-7.

Dei tidlegare seriemeistrane herja med Jotun-damene, og fire minuttar før slutt leia heimelaget med 20 mål. Kampen enda 33-12 i favør av Førde.

– Tapar fortent

Jotun-trenar Olafur Sveinsson seier til Porten.no etter kampen at han er svært lite nøgd med dagens innsats, men at han ikkje har gjeve heilt opp draumen om tabelltoppen.

– Det vart ein tung dag i dag, og me hang eigentleg aldri med i kampen. Det enorme tapet var ikkje venta, men ein kan ikkje vinne kvar kamp.

– Sigeren gjekk fortent til Førde, me var på bærtur både i forsvar og angrep. No vel me sjå framover mot neste kamp mot NHHI som skal vere overkommeleg. Me lyt samle oss psykisk og fokusere enda meir. Dersom me skjerpar oss, har me absolutt ein sjanse til å henge med i toppen.

Eit lite lyspunkt vart det likevel for Jotun. Ramona Szabo scora tre mål i kampen, noko som gjorde at ho rykka forbi Helene Oksholm Matre frå Stord og med det tronar øvst på toppscorarlista for 2. divisjon kvinner.

Til toppen