SURT TAP: Lite fungerte for heimelaget i dagens kamp mot Florø. Til slutt enda det med eit nimålstap for Jotun/Årdalstangen.
SURT TAP: Lite fungerte for heimelaget i dagens kamp mot Florø. Til slutt enda det med eit nimålstap for Jotun/Årdalstangen.

Jotun gjekk på sitt andre tap på rad

– Det er faktisk det verste eg har sett av denne gjengen denne sesongen, seier trenar Oli Sveinsson etter kampen.

Jotun/Årdalstangen – Florø: 15-24

Jotun gjekk på bana for å reise seg etter tapet mot Sogndal for to veker sidan, årets første for sesongen. I staden fekk dei seg ei lekse av laget dei slo på bortebane i november.

NEDTUR: Trenar Oli Sveinsson måtte sjå at lite fungerte for heimelaget i dagens oppgjer mot Florø 2.
NEDTUR: Trenar Oli Sveinsson måtte sjå at lite fungerte for heimelaget i dagens oppgjer mot Florø 2.

– Det kollektive sviktar fullstendig, me held ikkje avtalane våre, me spring feil, plasserer oss feil, så det er ein haug å ta tak i, seier trenar Oli Sveinsson etter kampen.

Les også: Sogndal klare til å ta over trona i kvinnehandballen

Blytung start

Sju poeng i favør Jotun skilte dei på tabellen, men det var bortelaget Florø som eigde parketten i opningsminutta. Jotun scora berre eitt mål dei første ti, mot Florø sine fem.

Etter kvart greidde heimelaget å utjamne forskjellen og differansen på fire mål holdt seg det neste kvarteret. Men fem minutt før pause rakna det igjen og Florø kunne gå til kvilen med ei 11-5 leiing.

Etter pause vart kampen langt jamnare, utan at det hjalp Jotun å knappe inn på leiinga. To kjappe jotunmål tolv minutt ut i omgangen fekk Florø til å stresse litt, men bortelaget var kjappe med å kvittere.

Sakkar av i opprykkskampen

I staden var det bortelaget som stakk ytterlegare i frå. Sluttresultatet vart 15-24 etter ein heilsvart dag i Tangenhallen.

– Me stilte aldri til kamp i dag. Årsaka må me grava fram litt etter kvart. Det er faktisk det verste eg har sett av denne gjengen denne sesongen. Resultatet seier alt om kva som føregjekk på bana, seier trenar Oli Sveinsson.

Han må konstantere at dei to siste tapa har sett opprykket i fare, utan at trenaren har kome med andre mål enn at den nykomponerte gruppa heile tida skal ta nye steg.  

– Korleis skal de greie å reise dykk att?

– Det er i grunn berre å halde fram med det me alltid gjer, å ta grep i dei tinga me ser ikkje fungerer. Duellspelet og samhandlinga, der er me rett og slett for dårlege. Det blir det ein del terping på slike ting på treningane framover, seier trenaren.

Til toppen