JUBEL: Her er Jotun-troppen som kunne juble for fire gullmedaljar i helga. Bak frå venstre.Karoline Molland, Helena Damli Rudi, Augusta Luggenes, Tiril Stølen Moen, Mathilde Grøttebø. Framme rå venstre: Emma Nondal, Ingeborg Strand, Sofie Øren, Leah Nondal, Ronja Bakketeig, Ailin Hellebø.
JUBEL: Her er Jotun-troppen som kunne juble for fire gullmedaljar i helga. Bak frå venstre.Karoline Molland, Helena Damli Rudi, Augusta Luggenes, Tiril Stølen Moen, Mathilde Grøttebø. Framme rå venstre: Emma Nondal, Ingeborg Strand, Sofie Øren, Leah Nondal, Ronja Bakketeig, Ailin Hellebø.

Jotun gjorde reint bord under KM i turn

Turnjentene frå Årdal tok heim fire gullmedaljar av fire moglege.

Årdal/Sandane: KM i turn vart denne helga arrangert på Sandane. Jotun stilte med tolv jenter i to klassar, junior og rekrutt, og tok førsteplassane i dei to øvingane tumbling og trampett i begge klassane, fire gull til saman.

 Det er ein veldig stor prestasjon av ein såpass liten klubb. Me gjorde reint bord i dei klassane me stilte opp i, seier Aina Heggø, ein av to hovudtrenarar saman med Sofie Moen.

Les også: Ho har fått ansvaret for stort turnstevne
Les også: Sjå biletserie og video frå Barneturnstemne i Årdal

Fleire gutar til neste år

Ho seier turn er ein stadig vaksande idrett, både her i fylket og elles i landet.

Førebels er kjønnsbalansen temmeleg skeiv, men det har årdalsklubben tenkt å gjere noko med.

– Her i klubben har me òg gutegrupper, men dei er enno for unge til å konkurrera. Men me skal arrangera KM på heimebane neste år og då håper me å stilla i enno fleire, òg i guteklassane, seier Heggø.

Satsar på rekruttering av trenarar

I fjor vann Jotun tre gull og ein bronse i dei same klassane. I år fekk dei napp nummer to på vandrepokalen, som går til det laget som scorar høgast på stilkarakter. Klarer dei det same til neste år får dei han til odel og eige.

Trenaren har ei klar formeining om kva som er forklaringa bak suksessen.

– Først og fremst er det takka vera fokuset me har på kursing og utdanning av trenarar, me har etter kvart fått eit rimeleg stort turnmiljø, og sjølvsagt må me ikkje gløyma innsatsen jentene legg ned sjølve, seier ho.

Til toppen