NØGD GJENG: For grøntrøyene frå Årdal har Norway Cup vore rein plankekøyring til no.
NØGD GJENG: For grøntrøyene frå Årdal har Norway Cup vore rein plankekøyring til no. (Foto: IL Jotun)

Jotun-gutane leika seg vidare i A-sluttspelet

Jotun G13 er eitt av to lag frå Sogn som er vidare i A-sluttspelet.

Oslo: Eit Lyn utan tap i gruppespelet stod på motsett banehalvdel. Rykta gjekk òg om at dei står utan tap i serien. 

Men Jotun feia motstandarane av bana, som dei har gjort i alle kampane denne turneringa.

– Eg trur det var eit greitt lag me møttte. Men me var på frå start, og dominerte heile vegen. Det vart lettare enn venta, seier lagleiar Even Øren etter 6-0-sigeren.

Jotun G13 er dermed klare for 1/16-delsfinale i A-sluttspelet, det same er G14-laga til Sogndal og Syril. 

Feiar motstandarane av bana

Lidvin Hestetun skåra tre mål, Petter Øren skåra to og Sander Kilen eitt. No ventar vinnaren av kampen mellom Vestre Aker og Magnet Youth Sports Org frå Tanzania i 1/16-delsfinalen.

– Me pratar om at me kanskje kan gå heile vegen, men me kan òg møta eit tøft lag og ryka i neste. Det er litt bingo, men det ser bra ut, seier Øren.

Dei tre kampane i gruppespelet gav full pott og 25-2 i målforskjell. Kampen mot Lyn var òg rein plankekøyring. Øren meiner tøff matching mot eldre spelarar forklarer toppforma:

Friske bein i troppen

– Dei har stort sett spelt mot lag som er eitt og to år eldre, så me visste at me er solide når me møter motstandarar på vår eigen alder. Dette er òg eit lag som vann innandørs-KM i vinter, så det er masse flinke gutar, seier Øren.

Med ein tropp på tretten mann er dei sårbare for skader. Førebels er det stort sett friske bein, med unnatak av ein spelar som slit med lyskestrekk. Dermed er det lite som hindrar Jotun i å dura på vidare i turneringa.

– Me har kjempetru, men prøver samstundes å skru ned forventingspresset, seier Øren.

Til toppen