SUVERENE: G13-laget til Jotun gjekk utan poengtap gjennom både kvaliken og i KM-sluttspelet.
SUVERENE: G13-laget til Jotun gjekk utan poengtap gjennom både kvaliken og i KM-sluttspelet.

Jotun-gutane tapte ikkje ein einaste kamp på veg mot KM-tittelen

Dei fleste motstandarane var sjanselause då G13-laget til Jotun varta opp med tiki-taka fotball på futsalparketten i Sandane i helga.

Sandane: Dei måtte tola å komma til Sandane med favorittstempelet, etter å ha gått gjennom kvaliken på heimebane med fire strake sigrar og 22-0 i målforskjell. Men G13-laget til Jotun innfridde og gjorde kort prosess også i KM-sluttspelet. 

– Det var utruleg kjekt. Det var spente karar som reiste oppover, men me var ganske suverene her òg, seier trenar Bjørge Kilen.

Førde, Svelgen Eid og Gaular og vart lett match i gruppespelet. I semifinalen banka dei Vik 6-1, medan dei slo Svelgen for andre gong den dagen med 2-0 i finalen.

– Det er flinke gutar som spelar fin fotball. Dei gjer ting enkelt, trillar ball seg i mellom, spring mykje, og jobbar for kvarandre. Me er priviligerte som har så flinke og ivrige gutar, seier trenaren.

Han er ikkje mindre imponert over G14-laget, som tok seg heilt til semifinalen, sjølv om halvparten av dei var G13-spelarar.

– Me vart sletne på slutten, som gjorde at me ikkje greidde å nå heilt til finalen, seier trenaren.

Han seier dei ikkje har trent spesielt mykje innandørs, men at dei ofte tek med seg futsalprinsippa når dei trenar ute. 

– Me har spelt veldig mykje tre mot tre, eller fire mot fire ute. Då får du trent på å setta opp kombinasjonar og å løysa trange situasjonar, noko me kan bygga vidare på når det kjem til sesongen.

Han trur suksessoppskrifta er at dei har ein stor gjeng med treningsvillige gutar, som er genuint interesserte i fotball.

– Det er ein frykteleg ivrig gjeng. Det er dei som legg premissane for kor mykje me skal trena, det er ikkje noko me trer nedoverhovudet på dei, seier Kilen.

Til toppen