KLARE TIL DYST: Jotun sit G13-lag er det første Jotun-laget som skal i elden i Gothia Cup. Her står dei klare berre minuttar før sin første kamp mot polske AP Top 54 klokka 09.00. Foto: Kai Wigum.
KLARE TIL DYST: Jotun sit G13-lag er det første Jotun-laget som skal i elden i Gothia Cup. Her står dei klare berre minuttar før sin første kamp mot polske AP Top 54 klokka 09.00. Foto: Kai Wigum.

Jotun håpar på svensk cupeventyr

Fire lag og 60 spelarar er på plass i Gøteborg for det dei håpar skal bli eit fotballeventyr.

Årdal/Gøteborg: Etter ein 60 mil lang tur austover til Sverige og Gøteborg er Jotuns unge og håpefulle klar for ei veka med fotball på Gothia Cup. 

Dei raude og grøne har meldt på fire lag med totalt 60 spelarar og 19 leiarar, skriv laget på heimesida si. Klokka 09.00 måndag skal det første laget i aksjon.

I år har Jotun meldt på tre gutelag og eitt jentelag. Gutelaga er i årsklassane 13, 14 og 16, og eit J15-lag.

Måndag morgon er det G13-laget som skal i aksjon. Dei er også så heldige at dei får spela dei to siste gruppespelskampane sine direkte i Gothia Cup sin nett-TV. Det kostar 172 kroner for å få tilgang.

Dei fire laga har alle tre kampar i gruppespelet. Deretter ventar det A- og B-sluttspel frå og med torsdag.

Det er også verdt å få med seg at Susanne Myrland, som til vanleg spelar på damelaget Jotun/ÅTIL, deltek for Haugar sitt J18-lag.

Du kan følgja laga direkte HER.

Til toppen