PÅ JAKT: Sportsleg leiar Torstein Kvam seier Jotun er på jakt etter nye spelarar etter at Sladjana Perazic og Marija Mudronja måtte forlate Noreg. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
PÅ JAKT: Sportsleg leiar Torstein Kvam seier Jotun er på jakt etter nye spelarar etter at Sladjana Perazic og Marija Mudronja måtte forlate Noreg. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Jotun har nye spelarar i kikkerten

Men klok av skade kjem dei ikkje til å prøva seg på spelarar utanfor EU. 

Måndag gjekk turistvisumet til Marija Mudronja (31) og Sladjana Perazic (19) ut. Ettersom behandlingtida til Utelendingsnemnda (UNE) er på tre til fire månader, måtte dei to montenegrinske handballspelarane forlate Årdal og Noreg måndag kveld.

Klokka 11.00 same dag fekk spelarane beskjeden, som dei tok svært tungt. 

Forblir håpefull

Kvam har ved fleire høve uttrykt frustrasjon over prosessen, men seier at han har lært.

– No har eg fått prøvd det å jobba opp mot byråkratar, og det er ikkje akkurat det enklaste, til Porten.no.

Avgjerda er ikkje endeleg. I laupet av dei neste månadane skal UNE behandle saka, og Kvam er håpefull.

Artikkelen held fram under biletet.

MÅ REISE FRÅ NOREG: Sladjana Perazic (til venstre) og Marija Mudronja. Akriv
MÅ REISE FRÅ NOREG: Sladjana Perazic (til venstre) og Marija Mudronja. Akriv

 – Me må berre håpa på at dei blir eit ja i februar, men då er sesongen nesten ferdig, så me håpar at dei då kan spela neste sesong. 

Nye ansikt i kikkerten

Han kan også fortelja til Porten.no. at arbeidet med å henta inn ny forsterkningar allereie er i gong.

– Stallen er så tynn at me må jobba med andre alternativ, seier sportsleg leiar Torstein Kvam til Porten.no.

Han stadfestar at Jotun allereie har nokre spelarar i kikkerten, blant anna ein norsk spelar, og muligens ein eller to utlendingar. 

– Og eg skal lova deg at dei er innanfor EU. Me har lært av dette her.

Ikkje berre tiltenkt spelarrolle

Jotun-trenar Olafur Sveinsson kan også fortelja at Jotun har nokre namn på blokka.

– Me har ei målsetting om å helst dobla opp på alle plassar, men det er eit langsiktig mål. No går me ut og prøver å finna folk, ein eller to eller kanskje fleire, for å kunna stabilisera laget, seier han til Porten.no.

Artikkelen held fram under biletet.

HAR PLANAR: Olafur Sveinsson seier til Porten.no at han har nokre namn på blokka. Akriv
HAR PLANAR: Olafur Sveinsson seier til Porten.no at han har nokre namn på blokka. Akriv

– Og når det er sagt, så handlar dette først og fremst om å få inn nokon som kan vera med på utviklinga og rekrutteringa. Dei som kjem inn, er ikkje berre tenkt å spela på seniornivå, men inn i utviklinga av klubben.

Vanskeleg

Ifølgje Kvam er det backspelarar Jotun no går på jakt etter sidan det er her slitasjen er størst i laget, men å henta spelarar er enklare sagt enn gjort, fortel Sveinsson.

– Tanken er at desse spelarane skal forsørga seg sjølve. Klubben bidreg der dei kan, men å henta norske spelarar er vanskeleg. Årdal er ein liten plass, så det er vanskeleg å få folk hit, seier islendingen.

– Skulle ein fått til det, ville det kosta ein del.

Mindre å rutta med

Økonomien i Jotun har endra seg voldsomt dei siste ti åra. I 2005 kunne enkelte av spelarane tena opp mot 25 000 kroner i månaden. 

Då var også sponsorinntektene på to millionar årleg. I dag ligg dei underkant av millionen. 

– Der er me ikkje i dag. Me er kanskje på ein fjerdedel av dette. 

Til toppen