FEKK DET TØFT: Jotun fekk det ikkje så enkelt som dei kanskje hadde venta mot NHHI, men stakk likevel av med to poeng. Foto: Geir Ove Løvdahl.
FEKK DET TØFT: Jotun fekk det ikkje så enkelt som dei kanskje hadde venta mot NHHI, men stakk likevel av med to poeng. Foto: Geir Ove Løvdahl.

Jotun møtte større motstand enn forventa

Men dei raude og grøne fekk med seg to poeng heim att til Årdal.

Olafur Sveinsson sa før søndagens kamp mot NHHI at han forventa siger, og siger vart det etter ein svært spanande kamp, som baud på mykje større motstand enn det som var forventa.

Oppgjeret opna overraskande jamt, og laga følgde kvarandre tett. Etter to minuttar sette Jotun inn kampens fyste og andre mål, men ikkje lenge etter svara studentlaget med ei redusering.

Høyr kampen i reprise i videovindauget under.

Jamt spel mellom laga prega heile fyste omgang, der verken Jotun eller NHHI spela spesielt godt.

Nokre minuttar før pause hadde Jotun ei tremålsleiing, men det varte ikkje lenge. Slurvete forsvarsspel frå Jotun si side og glimrande keeperspel av NHHI-keeper Hanne Henjum Asperheim gjorde sitt til at laga gjekk til pause med stillinga 12-12. 

NHHI med firemålsleiing

Førre gong Jotun møtte handballaget til Noregs Handelshøgskule si idrettsforeining knuste dei grønkledde studentane med 22 mål, men slike tal kunne ein sjå langt etter i dag. 

For etter kvilen var det vertane som tok leiinga for fyrste gong i kampen. Ein pangstart gjorde at tre minuttar ut i omgangen leia dei med tre scoringar.

Sekundane tikka og minuttane gjekk, og ikkje før ni minuttar ut i dei siste 30 fekk Jotun hol på byllen. 

Jotun vakna og køyrte frå

Det hadde lite å seia for i mellomtida klarte NHHI å finna nettmaskene berre éin gong. Firemålsleiinga vart raskt kutta ned, og i laupet av fem effektive minuttar, og med eit kvarter igjen å spela, var laga like langt igjen på 17-17.

Og no kvikna laget frå industribygda til. Jotun tok med eitt styringa på kampen. Kombinasjonen godt lagspel og sterkt forsvarsspel gjorde at dei knuste NHHI det siste kvarteret.

Då kampen var avblåst, stod det 25-19 på måltavla i Jotuns favør. Det betyr to viktige poeng, som løftar laget opp på ein 5. plass med ti poeng.

Øren blei toppscorar

For ein gang skuld var ikkje Ramona Szabo like effektiv framføre mål. Toppscoraren til Jotun står med 50 scoringar så langt denne sesongen, men fem nye scoringar i dag er ikkje så aller verst.

Toppscorar for Jotun vart Marianne Stedje Øren med sju fulltreffarar.

Det skal også nevnast at tidlegare Jotun-spelar Hanne Henjum Asperheim stod ein glitrande kamp for vertane. 

No ventar ein lang pause for grøntrøyene, som ikkje skal i aksjon att før 3. desember når dei gjestar Stryn. Det er den siste av fire bortekampar på rad.

Til toppen