NØGDE: Jotun-trenar Olafur Sveinsson er nøgd med laget sitt trass i at det berre blei eitt poeng borte mot Fyllingen. Foto: Arkiv.
NØGDE: Jotun-trenar Olafur Sveinsson er nøgd med laget sitt trass i at det berre blei eitt poeng borte mot Fyllingen. Foto: Arkiv.

Jotun positive trass tap i siste sekund

Jotun tok sesongens første poeng etter uavgjort mot Fyllingen, men det kunne fort ha blitt siger.

Oppgjeret mellom Jotun og Fyllingen fekk ein svært dramatisk slutt. Dei grøne og raude leia heilt til det gjenstod sekundar av kampen. 

Då utlikna vertane til 27-27, som også blei sluttresultatet. Det betyr at Jotun tok sine første poeng denne sesongen. 

Det var ein dommarfeil som gjorde at Fyllingen fekk moglegheita til å utlikna i siste speleminutt, og sjølv om det frusterer Jotun-trenar Olafur Sveinsson, er han nøgd med korleis laget framstod.

– Det blei ein svært dramatisk slutt på kampen i dag, der me følte oss frårøva sigeren. Laget framstod med ein «Ein for alle, alle for ein»-moral.

– Det lovar godt før me går inn i ein periode med tre heimekampar på rad, men me framstod slik me ønskjer å framstå i dag. Uavgjort mot Fyllingen er eit sterkt resultat, skriv Sveinsson på Facebook-sida til handballdamene. 

Neste kamp for Jotun er heime mot Os komande søndag. Der blir forhåpentligvis sesongens første topoengar sanka inn.

Til toppen