AVTALE: Sparebanken Sogn og Fjordane har signert treårig avtale som hovudsponsor for IL Jotun.
AVTALE: Sparebanken Sogn og Fjordane har signert treårig avtale som hovudsponsor for IL Jotun. (Foto: IL Jotun)

Jotun signerte treårig avtale med ny hovedsponsor

Fredag signerte IL Jotun og Sparebanken Sogn og Fjordane ein treårig sponsoravtale.

Årdal: Idrettslaget Jotun i Årdal har i mange år hatt Indre Sogn Sparebank som sponsor. Men som kjent fusjonerte banken med Aurland - og Vik Sparebank, og vart 1.april avduka som Sogn Sparebank.

Arnt Stølen Moen, leiar i IL Jotun seier idrettslaget var nøgde med førre sponsor óg og at det ikkje ligg noko dramatikk bak byttet.

– No når avtalen med Indre Sogn Sparebank gjekk ut, gjorde me ei vurdering av kva alternativ som fanst lokalt. Då kom Sparebanken Sogn og Fjordane på bana med ein avtale, som me ønskte å slå til på, seier han til Porten.no. 

Sparebanken Sogn og Fjordane vil verte ny hovudsponsor for IL Jotun saman med Årdal Energi og Årdalsnett.

Viktig med sponsor som støttar bygda

Moen seier det er viktig for eit idrettslag å ha ein solid sponsor, som ønskjer å støtta opp om aktiviteten i bygda.

Det er òg viktig å ha gode og langsiktige sponsorar, noko som gir forutsigbar drift, Sparebanken Sogn og Fjordane har mellom anna gitt støtte til ulike anlegg i Årdal dei siste åra.

NYE DRAKTER: Snart får fotballgruppa, som resten av idrettslaget, ny sponsor på brystet, nemleg Sparebanken Sogn og Fjordane. Bilde: Jotun / Arkiv

– Dét har me fått konkrete bevis på i den siste veka, då Sparebanken Sogn og Fjordane både har støtta nytt kunstgras på fotballbana og dagsturhytte på Moakamben.

Sparebanken har i tillegg gitt økonomisk stønad til tribuna på Jotun stadion. Banken er òg hovedsponsor for Kongleriketurneringane. 

Moen legg til at idrettslaget og banken har dei same verdiane, og at han ser fram til samarbeidet. Arbeidet med omprofiliering og trykking av klede og materiell er òg i full gang.

Til toppen