ROS: Jotun får ros av Stig Inge Bjørnebye for jobben dei gjer med å utdanna trenarar, som igjen skal gi betre kvalitet på treningsfeltet og auka rekrutteringa. Fotomontasje: Truls Sylvarnes
ROS: Jotun får ros av Stig Inge Bjørnebye for jobben dei gjer med å utdanna trenarar, som igjen skal gi betre kvalitet på treningsfeltet og auka rekrutteringa. Fotomontasje: Truls Sylvarnes

Jotun skal sikra fotballframtida i Årdal

Tabellsituasjonen til herrelaga i Årdal er langt frå positiv, men Jotun er godt i gang med jobben om å gjera fotballframtida i Årdal lysare.

Fredag presenterte Porten.no det kalde og triste faktum at seniorlaga i Årdal har ein forferdeleg sesong, der nedrykk kan bli den frykta konsekvensen for fleire av laga.

Ser ein på det store biletet i Noreg, er dette kanskje ikkje så overraskande. Norsk fotball generelt er på eit botnnivå, og landslaget vårt har sakte, men sikkert sunke frå ein 11. plass på Fifa-rankinga til ein historisk dårleg 76. plass i september i år.

Det har fått fotballelskarar i landet til å prøve og tenkja nytt når det gjeld rekrutteringsarbeid, og i Noreg har Jotun etablert seg som ein føregangsklubb på den fronten.
Les òg: Samtlege herrelag kan rykka ned

– Då me verkeleg drog i gang dette prosjektet i 2009, var det viktig for oss å auka kompetansen i rekrutteringsarbeidet, og ein måte å auka kompetanse på er å satsa på utdanning og skulering av trenarar, byrjar sportsleg leiar i Jotun, Arne Håkon Laberg, i møte med Porten.no.

– Då satte me oss ned og lagde ei målsetting som skulle vara i åtte år fram til 2016, der me skulle enda opp med blant anna 60 Uefa C-lisenstrenarar. 

På Noregs fotballforbunds (NFF) nettsider skildrar ein denne lisensen som eit kurs for den som er oppteken av «å ivareta alle sitt behov med omsyn til ferdigheitsutvikling og eit godt miljø».

Utfordringa låg på treningsfeltet

I Jotun er dei godt på veg mot dette målet, og har utdanna 46 trenarar med C-lisens til no. 

– For oss så sa me at den største utfordringa låg ute på feltet. Då er det heilt naturleg å satsa på dei som skulle vera på feltet, altså trenarane. Og dersom ein får gode tilbod og kvalitet på trenarane, vil mengden på utøvarar auka og kvaliteten på treningane etterkvart bli god, held Laberg fram.

– Dreiv ikkje godt nok

Det er lett å tenkja seg til kva som er årsakene til denne satsinga, spesielt dersom ein ser på tabellsituasjonen til herrelaga i bygda. 

– Me såg at det me dreiv med ikkje var godt nok. Det var ikkje gode nok treningar. Folk hadde ikkje den kunnskapen som skulle til for å få gode treningar, og det var bakgrunnen for prosjektet, seier Henrik Rønningen, leiar for fotballgruppa i Jotun.

I tillegg til dei på feltet, har Jotun også jobba med å heva kompetansen på dei som sit i styret. Både han og Laberg har gått alle nivåa i NFFs leiarutdanning.

På treningane er det no fokus på innhald i økta. I tillegg prøver ein å ha mest mogleg trenarar tilstades slik at alle ungane blir sett og føler at dei blir sett. 

Det sportslege målet er å gje dei som verkeleg vil satsa moglegheitene til det, men samstundes har ein punktet om fysisk fostring. 

Bjørnebye: - Fantastisk

Som nemnt ovanfor er spelarutvikling og rekrutteringsarbeid eit brennheitt tema i Noreg og fotballverda generelt. Men kvifor er dette så viktig?

– Det er ei god meistringskjensle å bli god i noko, og me skal hjelpa ungane opp på eit nivå dei sjølve har lyst til å vera. Det andre er å læra ungane å ta omsyn til andre. Det å utvikla menneske oppi dette, å ha respekt for andre, tilhøyra eit lag og tola ulikskapar, er kanskje vel så viktig, svarar Laberg.

Dette arbeidet har blitt lagt merke til i Forbundet. Då president Yngve Hallén vitja fylket på ei samling for nokre år sidan, drog han fram to ting, blant anna at arbeidet Jotun la ned blei snakka varmt om å gangane på Ullevaal.

Stig Inge Bjørnebye har lang fartstid i fotballen og jobbar som utviklingssjef i NFF. Han kjem også med ros.

– Eg har møtt representantar og snakka med dei om dette, og det er fantastisk. Dette har med kulturbyggjing å gjera. Ein er avhengig av gode leiarar, ryddige planar for progresjon, ta vare på aktiviteten og rekruttere fornuftig når det gjeld rollar i frivilligheita, seier han til Porten.no. 

Ansvar

I ei bygd som Årdal, der fleire av dei unge flyttar vekk for å studera eller finna seg arbeid, vil det naturlegvis få konsekvensar for idretten. 

Difor er det utruleg viktig at så mange som mogleg er førebudd på seniorfotballen når dei fyller 16 år. I første omgang vil desse ha to moglegheiter: spel for Årdal FK eller for breiddetilbodet Jotun.

– Me har eit viktig ansvar når det gjeld å handtera dei som kanskje modnast seint. Dei må bli sett og tekne vare på. Det er mogleg fleire av desse blir okay seniorspelarar til slutt, seier Laberg.

– Det som har vore problemet er at me ikkje har hatt noko godt utviklingstilbod til dei mellom 16 og 19 år. Du har anten vore klar som 16-åring eller slutta. Det me jobbar med er ein modell som gjer at dei kan jobba med seg sjølve i den alderen også, legg Rønningen til.

Fornuft og kjensler

Bjørnebye seier dette er noko Årdal som bygd, uansett seniorlag, vil vera avhengig av.

– Ein stad som Årdal vil vera avhengig av rekruttering frå eigne rekker. Eg kjenner ikkje til logistikken og samarbeidsklima, men kor innovative er me når det gjeld samarbeid mellom klubbar for å laga eit så tett utviklingsmiljø som mogleg? spør han.

– Sjølv klubbar i Oslo har hol i utviklinga. Korleis kan lokale klubbar sjå på samarbeidsform, som gjer at spelarane får eit tettare progresjonslaup? Det er ein interessant tanke, held han fram og brukar Trysil som eit døme.

– Det synes nesten ikkje på kartet, og det bur nesten ikkje folk der, og dei har hatt altfor mange klubbar, men då er det viktig at desse ikkje riv og slit i kvarandre. Mykje kjensler står i vegen for fornuft, og her snakkar eg generelt.

Prioriteringssak

I Årdal står det altså dårleg til med seniorfotballen på herresida, men på grunn av det arbeidet Jotun legg ned, kan det vera at framtida ikkje er så mørk. 

– Dette er ei prioriteringssak. Dersom ein vil halda liv i seniorsatsinga og bruka mykje pengar på eit 3. divisjonslag, så går det utover moglegheita til å leggja til rette for god barnefotball. Det er ein hårfin balanse, seier Bjørnebye.

– Kva er vegen framover? Skal ein skapa lokal tilhøyrlegheit og entusiasme, må ein synleggjera prioriteringa, som må vera lett å akseptera for alle involverte. Skal ein byggja noko over tid, må ein ha entusiasme overalt. 

– Eg opplever at initativa til Jotun, vil gje resultat på sikt. Det er ein klubb som ønskjer å byggja struktur. Dersom ein held ein klubb kunstig i live ved å henta spelarar, så mistar dei som kjem underfrå motivasjonen.

Det er noko også Rønningen trur.

– Grunnmuren i tankegangen vår er flest mogleg, best mogleg og lengst mogleg, og då vil ein få eit produkt av fotballspelarar, som igjen vil gagna toppsatsinga i Årdal, seier han og får støtte av Laberg.

– Viss ein ser på dagens seniorspelarar, vil ein sjå mange hol i aldersgruppene. Det er mange årskull som ikkje er representert. Forhåpentlegvis, med dei tiltaka me gjer, så vil ein få enda fleire spelarar som vil ta stegt opp i seniorfotball.

Tolmod er viktig

Bjørnebye, med blant anna 139 kampar for Liverpool i Premier League, understrekar at ting tar tid.

– Det tar litt tid før ein kan redda seniorlaga frå nedrykk. Ein kan ikkje snu dette over natta. 

Det er både Laberg og Rønningen klar over. 

– Det er alltid farleg å lova for mykje, men det me ser allereie er at i tillegg til at me har auka talet på aktive gradvis frå 200 til nesten 300, trass i at kulla går nedover, så gjer me det godt i ungdomsfotballen. Både gutelaget og smågutelaget er i 1. divisjon, og det er lenge sidan Jotun har hatt det, seier Laberg.

– Øvre Årdal, som Jotun soknar til, er den 11. største plasse i fylket, men me er nummer tre når det gjeld å ha lag i seriesystemet, og det viser at me driv godt, supplerer Rønningen.

Laberg trur at fotballen i bygda ikkje blir slik han ein gong var.

– Men det eg synes ser positivt ut, er at me klarar å halda enda fleire ungar i aktivitet og at dei kanskje utviklar seg betre enn dei gjorde før. 

– Me utviklar sannsynlegvis betre spelarar i dag enn me gjorde for 10-15 år sidan, legg han til.

Til toppen