Ekebergsletta: Dagens 1-0 siger mot gruppefavorittane Gimse IL sørga for at at G14-laget til Jotun tok seg vidare i turneringa utan poengtap.
– Det er fantastisk for gutane. Dei sluttar ikkje å overraska, det er heilt sikkert, seier Ivan Øy, ein av trenarane.

Då vi ringer er han på veg til Ekebergsletta for å støtte sjuarlaget som spelar halv åtte. Med siger er dei òg vidare til A-sluttspelet, med andre ord to av to påmelde gutelag.
– Det er i tilfelle i overkant av det me hadde forventa i fortant, så det blir spennande å sjå, seier Øy.
Sjuarlaget tapte til slutt kampen mot Jardar IL 0-1 og må dermed ta til takke med B-sluttspel.
Jotun har òg to jentelag med i turneringa. J17-laget hadde greidd seg med uavgjort i siste kamp for å gå vidare til A-sluttspelet, men slo i kveld til med 1-0 siger mot Utleira IL 2 og tok dermed gruppesigeren.
J14-laget er klar for B-sluttspel etter at dei i dag sikra nest sisteplass i gruppa med ein solid 5-0 siger over Radøy/Manger FK.