HISTORISKE: Denne troppen frå Jotun stilte på NM-kvalik i turn for første gong: Ailin Hellebø, Karoline Molland, Sofie Øren, Helena Damli Rudi, Ingeborg Strand, Augusta Luggenes.
Video

Jotun stilte på NM-kvalik i turn for første gang i historia

– Me er veldig stolte, både trenarane og heile Jotun, seier trenar Sofie Moen.

Arendal: – Det er den største konkurransen me har vore med på, vår første nasjonale. Det var masse nervar i spel for jentene, i og med at dei aldri har vore med på noko slikt før, seier Sofie Moen, som er hovudtrenar saman med Aina Heggø.

I helga deltok IL Jotun for første gong i historia på kvalifiseringa til NM i troppsgymnastikk. Den historiske troppen besto av Ingeborg Strand, Helena Damli, Augusta Luggenes, Karoline Molland, Sofie Øren og Ailin Hellebø.

I deira klasse var det mellom 40 og 50 andre troppar. Berre dei femten beste gjekk vidare til NM-finalen.

– Me greidde ikkje å kvalifisera oss, men me er veldig nøgde med det jentene presterte. Me sit igjen med ei veldig god erfaring, seier Moen.

Fekk måla seg mot dei beste 

Dei har snakka om det sidan i fjor, at det no var på tide med noko nytt å strekka seg etter. Dei siste åra har nemleg jentene frå Jotun dominert i KM. På NM-kvaliken fekk dei endeleg måla seg med dei beste i landet.

– Det var veldig stort, og kjekt å sjå at det ikkje er så langt opp til toppen. Eg håpar jentene blir inspirerte og set seg nye mål å jobba med, seier Moen.

Før konkurransen hadde trua på at det kunne vera mogleg å gå vidare om alt klaffa. Konkurransen viste at det målet ikkje var urealistisk, sjølv om det ikkje heldt heilt inn denne gongen.

– Me er veldig stolte, både trenarane og heile Jotun. Me satsar kanskje på ein tur til neste år òg, seier Moen.

Til toppen