TOK POENG: Handballdamene til Jotun tok laurdag sitt første poeng på ni kampar.
TOK POENG: Handballdamene til Jotun tok laurdag sitt første poeng på ni kampar. (Foto: Sunniva Knutsen)

Jotun tok første poeng på ni kampar, trenar: - Ein heilt ny guts i laget

Dramatisk straffesituasjon i sluttminuttet kosta heimelaget sigeren.

Årdal: Laurdag møtte Jotun Stryn i Årdalshallen. Det resulterte i ein jamn kamp med høg fart og høg temperatur. Det heile toppa seg i sluttminuttet, då sigeren rauk etter straffesituasjon. 

Like før situasjonen sikra dei grøne 21-20. Sigeren var rett innanfor rekkevidde. Trenarane kalla inn time-out. Då spelet starta igjen angriper dei raude, og Agledal på heimelaget takla kantspelaren tøft. Det endar i raudt kort og straffa går til Stryn, som setter 21-21 i nettet bak heimekeeperen, og dommaren blas av. 

– I time-out rett før, sa eg kva som kom til å skje, men dei glømte seg sikkert litt vekk. Det er slik som skjer, seier Jotun-trenar Rune Hunderi. 

– Har gjort gigantiske framsteg

Til trass for at dei tre poenga glapp, er Hunderi i storhumør. Sesongen hittil har vore tøff for dei grøne. Dei har tapt åtte av ni kampar før denne, med siger i sesongens første.

FRAMSTEG: Trenar Runde Hunderi er nøgd med å ta poeng, sjølv om sigeren glapp. Det viktigaste er at laget har hatt framgang, seier Hunderi. Foto:  Sunniva Knutsen

Hunderi tok over som trenar før sesongen, etter Kata Nilsen. 

–  Me gjekk litt for fort fram i starten av sesongen, og no har me gått litt tilbake og terpar på enklare ting. Me har slite med å knekka koden, seier Hunderi. 

– Me køyrer systema me har jobba inn, og dei funkar. Det er ein så stor framgang at du anar ikkje. Me møtte Stryn før jul og tapte 39-21. Det er eit gigantisk framsteg. Det er utruleg moro, seier han smørblid.

Blei toppscorar

Nummer fem på heimelaget er Susanne Myrland. Under kampen mot Stryn banka ho inn sju mål. 

– Eg er kjempenøgd med sju mål! Eg hadde tre bom men fekk tre straffar, så eigen innsats er eg veldig nøgd med. Laget sin innsats var heilt topp. Det er fantastisk at me klarte å ta eit poeng i dag, etter ein noko trasig første halvsesong. 

SJU MÅL: Susanne Myrland scora sju mål for heimelaget. - Kjempenøgd, seier ho. Foto:  Sunniva Knutsen

– Sist de spelte mot Stryn blei stillinga 39-21. Korleis var det å ta poeng i dag? 

– Det var heilt fantastisk. Eg hadde ikkje trudd at me skulle ta poeng, men at det blei ein jamn kamp trudde eg på. Eg er kjempefornøgd med innsatsen til laget. Det var utruleg kjekt å spela i dag. 

– Det oppstod ein litt kjip situasjon på slutten, og dei tre poenga rauk. Kva tenkjer du om det? 

– Ja det er så typisk at slikt skal koma på heilt på slutten. Men eitt poeng er betre enn null, ler ho. 

Tøff bortekamp i vente

Om to veker skal laget møta Gloppen borte. 

– Det blir ein tøff bortekamp mot topplaget Gloppen. Me skal jobba like mykje med dei systema me har no. På sikt kan me jobba med forsvarsspelet vårt. Me må bygga stein for stein, Hunderi. 

Til toppen