KRAFTKREVJANDE: Jotun måtte verkeleg bruke alle krefter for å dra i land ein siger mot Bjørnar. Fire mål skilde laga til slutt. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
KRAFTKREVJANDE: Jotun måtte verkeleg bruke alle krefter for å dra i land ein siger mot Bjørnar. Fire mål skilde laga til slutt. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Jotun tok to nye poeng etter kraftkrevjande kamp

Olafur Sveinsson seier alle krefter måtte til for å dra i land ein siger mot Bjørnar.

Jotun fekk med seg to nye poeng borte mot Bjørnar laurdag, og Jotun-trenar Olafur Sveinsson seier dei måtte bruka alle sine krefter for å få sigeren i land.

Trass ein kraftkrevjande kamp, tok dei raude og grøne to nye poeng etter å ha slått Bjørnar 29-25 laurdag. 

– Det vart ein krevjande kamp, og me måtte bruka alle våre krefter for få sigeren i land, seier Sveinsson til Porten.no.

Etter ein jamn første omgang, leia Jotun med eitt mål til pause 13-12, men etter kvilen auka den leiinga med fire til 19-15 ti minuttar ut i omgangen. ytterlegare.

– Me hadde vel sju utvisningar i heile kampen, medan den eine utvisninga til Bjørnar kom heilt mot slutten, så den hadde lite å seia for utfallet av kampen. 

Utvisningane spelte lita rolle for resultatet, for dei fire scoringane var nettopp det som skilte laga då kampen var over.

– Det seier noko når du spelar meir eller mindre ein fjerdedel av kampen med ein mindre og vinne likevel. Det seier noko om innsatsen spesielt. Laget gjorde ein kanonjobb, seier han og peikar på solid forsvar- og keeperspel som nokon av nøkkelfaktorane til at dei drog i frå i andre omgang.

Ramona Szabo blei kåra til Jotun-damenes beste spelar av ein lokal jury i Bjørnarhallen. Ho og Heida Arsenault scora kvar sine ti mål. 

Til toppen