FÅR VISA SEG FRAM: G17-laget til Jotun skal spela TV 2-send kamp på Norway Cup. Her frå Dana Cup i fjor. Andreas Skarsbø kjempar om ballen, med Espen Rudi og Håkon Wigum i bakgrunnen til venstre.
FÅR VISA SEG FRAM: G17-laget til Jotun skal spela TV 2-send kamp på Norway Cup. Her frå Dana Cup i fjor. Andreas Skarsbø kjempar om ballen, med Espen Rudi og Håkon Wigum i bakgrunnen til venstre. (Foto: Jotun Fotball)

Jotun-trenaren om TV-kampen på Norway Cup: – Me er heldige

Som i fjor får grøntrøyene frå Årdal visa seg fram i rampelyset under verdas største fotballturnering. Nyheita fekk ei delt mottaking hos spelargruppa.

Årdal: Til helga reiser Jotun til Norway Cup med seks lag. Som i fjor er eitt av dei så heldige at dei skal spela ein TV 2-send kamp. Måndag 29. juli får G17-laget sjansen til å visa seg fram for eit nasjonalt publikum, då dei møter Gratangen.

 – Det er veldig kjekt, og ein fin måte for både klubben og spelarane til å visa seg fram. Det er mange kampar å velja mellom, så me er heldige. Å få koma på TV er er ikkje noko me kan forventa, seier trenar Kai Wigum.

Nervøs stemning

I fjor var det smågutelaget til Jotun som fekk spela med TV-kameraa retta mot seg. Den enda med ein solid 3-0 siger mot Rena i det som var opningskampen.

– Dei gjorde ein veldig god figur, så det kan medverka til at me fekk sjansen igjen. Men det kan òg vera laget me møter, Gratangen, som enno ikkje har fått visa seg fram, seier Wigum.

Han seier nyhenda fekk ei blanda mottaking i spelargruppa.

– Nokre er nervøse, og nektar omtrent å spela, medan andre er veldig glade. Dei er spesielt engstelege for å bli intervjua, seier trenaren.

Har ambisjonar om å ha det gøy

Kampen vil bli vist både på Sportskanalen og Sumo. I etterkant vil han vera tilgjengeleg på nettet, slik at spelarane og andre som ønskjer kan sjå kampen på nytt.

Trenar Wigum meiner det ikkje er grunn til å kjenna på noko ekstra press.

– Me er der for å ha det gøy. Me har ikkje nokre store ambisjonar om å vinna Norway Cup, men skal gjera vårt beste. Så får resultata blir som dei blir. Laget er ei god blanding av spelarar som mest er med for det sosiale, og dei som ønskjer å satsa litt, seier Wigum.

Til toppen